fredag 26. desember 2014

Hekla lue

Strikkerska gjer noko ho kan, men eigentleg synest er litt kjedeleg: heklar. Bestillinga var ei lue som passa til genseren som blei intervallstrikka tidlegare i haust, og håpet var at heklinga skulle vere mindre belastande på handleddet og tommelen enn strikking. Dessverre var det ikkje så stor forskjell, så Strikkerska må vel halde fram med treninga og intervallstrikkinga si (og lese fleire bøker).

Lua er hekla i halvstavar og på gefühlen, men må ha vore vellukka, for ho er i bruk kvar dag.


lørdag 15. november 2014

Intervallstrikking??

Å pådra seg senebetennelse i tommelen (type de Quervains viss nokon skulle lure) når ein er ein lidenskapeleg strikkar, er ille.I starten var det ikkje mogeleg å halde i strikkepinnane - ikkje få på seg kledene på fornuftig vis heller, men det er ei heilt anna historie. Etter nokre dagar kraup eg til korset og kjøpte meg ei skinne som heldt tommelen heilt roleg. Då gjekk det meste av daglege gjeremål lettare, og den akutte fasen av betennelsen gjekk relativt raskt over. Men korleis skulle ein klare seg utan strikking?? Eg må nok innrømme at eg strikka litt også i den perioden - med skinna på! Snakk om desperasjon...

Vekene gjekk, og handleddet blei liksom ikkje betre. Faktisk blei det på mange måtar litt verre. Det som hadde starta i tommelfingeren, roa seg etter kvart ned, men i staden spreidde det seg til heile handleddet og langt opp i underarma. I starten av juni innsåg eg at eg måtte kaste inn handkledet og søke profesjonell hjelp. Eg enda til slutt opp hos ein dyktig fysioterapeut på toppidrettssenteret i Granåsen. Han sa at denne skaden hadde han sett før, dette var noko han såg hos skiløparar på toppnivå. Haha! Dette var nok den fyrste og siste gongen nokon klarte å finne ein måte å samanlikne meg med ein toppidrettsutøvar på. Eg vanka der fleire gonger, observerte diverse skihopparar som ein brukar å sjå på TV i gangane, og fysioterapeuten drog, knadde, masserte og stakk. Dessutan la han ned totalt strikkeforbod og gav meg eit himla langt treningsprogram.

Høyrde vi treningsprogram? Til denne dama? Og himla langt? Og strikkeforbod? Urk! Men kva gjer ein ikkje for strikkinga? Møt derfor den nye kameraten min:

Denne skapningen har vore med meg til Tyrkia, til Vestlandet, til London (stanga i klesskapet heldt!) og til Mallorca no i haust. Han har til og med blitt brukt (iført bunad!) mellom vigsle og festmiddag i eit bryllup i sommar. Snakk om innsats! I Tyrkia såg dei veldig rart på ho som dreiv med eit lenger treningsprogram ved bassenget kvar einaste dag. Det anar meg at det har noko med at resten av dama ikkje såg ut til å vere særleg veltrena...

Etter sommaren presenterte den hyggelege fysioterapeuten meg for desse to kompisane her, samtidig som han fortalde meg at eg kunne få lov til å intervallstrikke. At det var?? 10 minutt i slengen? Og berre viss eg heldt fram med å trene og tøye kvar dag? Men igjen - kva gjer ein ikkje for strikkinga?














Eg har alltid sagt at strikking er nødvendig for den mentale helsa, så her kjem resultatet av fleire veker med intervallstrikking og tilhøyrande trening. Genseren heiter Light Trails og finst på Ravelry for dei som er kjende der. Eg har strikka han til ein fjortis som så gjerne ville ha ny genser. Han er strikka i Falk, og mottakaren er nøgd med resultatet.


































Genseren er strikka frå toppen og ned, og erma er strikka med vranga ut. Eg hadde ingen planar om å strikke to heile erme i berre vrange masker....















Detalj frå mønsteret på skuldra.

































 Kva har så dette ført med seg?
1. Eg har aldri lese så mange bøker som eg har gjort dei siste månadene. Det er kanskje ikkje så ille, all den tid eg eg er norsklektor og over middels interessert i skjønnlitteratur.
2. Eg har innsett at eg må halde på med treninga, og at eg nok ikkje kan strikke så mykje som før. Det kan altså bli lenger mellom blogginnlegga heretter.
3. Eg har innsett at det faktisk er mogeleg å reise på ferie utan strikketøy i kofferten.
4. Eg har blitt mykje sterkare i armane. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. :)





søndag 20. april 2014

Tøffel-sjølfi

For ei stund sidan publiserte Strikkerska eit innlegg om to par tovatøfler som dessverre ikkje blei fotograferte før dei blei pakka inn i julepapir og gjevne bort. Eigarane av tøflene var svært positive til oppmodinga om å sende Strikkerska eit bilete av tøflene, men ting tek som kjent tid. Derfor har desse bileta godgjort seg ganske lenge på harddisken til Strikkerska før ho endeleg fekk ein idé om at ho skulle skrive eit nytt innlegg.

Her ser de altså dei ferdige produkta. Tøffelpar nr. 1 slappar av heime i godstolen:


















Tøffelpar nr 2 er med på jobben. Det blir truleg ganske dyktig til å analysere temmeleg kompliserte setningar etter kvart.

















Strikkerska må dessverre melde om at dei som les denne bloggen av og til, ikkje gjer klokt i å halde pusten mens dei ventar på neste innlegg. Grunnen til dette er at Strikkerska dessverre har strikka på seg ein hardnakka senebetennelse i venstre handledd og tommelfinger, og pinnearbeidet må derfor reduserast til eit minimum. Heldigvis er Strikkerska godt over snittet glad i bøker, så for å unngå å bli sprø av strikkeabstinensar har ho no grave seg djupt ned i bokverda. Ho kjem ut når tommelen gjev klarsignal.

onsdag 19. februar 2014

Langtidsprosjekt

Tidleg i desember starta eg på eit prosjekt eg visste kom til å ta lang tid, men at det skulle bli midt i februar før eg vart ferdig, hadde eg ikkje trudd. Det ferdige resultatet ser de på biletet under:

I oppskrifta, som de finn her, står det eigentleg at ein skal bruke garnet Lima, men sidan eg er usikker på om eg toler dette garnet, tok eg ikkje sjansen på å bruke det. Valet fall i staden på Merino Extra Fine, som er eit garn som eg veit at eg toler heilt fint. Eg hadde lese om dette garnet på førehand, og mange stader stod det at det har ein tendens til å sige når ein strikka store plagg av det. Det var derfor lurt å gå ned ein pinnestorleik, stod det. Som lese, så gjort. Eg la glad og fornøgd opp og strikka i veg utan ei einaste bekymring. Då eg hadde kome omlag 40 cm oppover på bærestykket, kom eg plutseleg på at eg kanskje skulle sjekke storleiken. Akk o ve! Den einaste som kunne pressa seg inn i dette plagget, var ei svært anorektisk Barbie....

Det var berre ein ting å gjere. Eller, det var to ting å gjere. Fyrst kom det nokre gloser som ikkje eignar seg på trykk, deretter rekte eg opp att heile jakka. Dette var tredje juledag, og juledepresjonen senka seg over heimen i ein halvtimes tid. Som de ser, så er ikkje akkurat mønsteret noko ein strikkar med eit halvt auge på arbeidet mens George Clooney eller liknande er smurt utover tv-skjermen. Derfor gjekk eg i gong med målband, kalkulator og gamle matematikkunnskapar før eg sette i gong på nytt. For to dagar sidan blei knappane sydd i, og ein ny favoritt er klar til bruk.

Nokre av det eg likte best ved jakka, var at halskanten blei til saman med resten av bærestykket. Når eg kjem så langt at eg er ferdig med dei store delane, så har eg lyst til å få jakka saman så fort som mogeleg. Då er det ikkje alltid at motivasjonen til å strikke kantstykke er direkte påtrengjande. Kanten er litt stram no, men eg reknar med at han gjev litt etter når eg berre får brukt jakka litt. 

Mansjetten nederst på jakka er strikka i eit stykke fyrst. Deretter plukka eg opp masker på sida av mansjetten, vrengde ermet med innsida ut og strikka glattstrikk. Det stod eigentleg at ermet skulle strikkast i eitt stykke og syast saman til slutt, men slikt brukar eg å oversjå glatt som berre det. 

Etter fyrste gongs bruk er konklusjonen at jakka er veldig mjuk, varm og god. Ho sit akkurat, så eg trur at det er rom for at ho kan sige ørlite utan at ho ser ut som ein sekk på meg.

Og neste prosjekt? Jau, det er omtrent halvferdig. Strikkepinnane går fortare enn tastaturfingrane. God vinterferie til dei som har det! Denne lektoren har vinteravspasering, og sjølv om rettebunkane ligg i kø, så blir det også litt tid til strikking. 




søndag 2. februar 2014

Gammal travar til ny mann i livet

Når det dukkar opp ein ny mann i livet mitt, så byrjar det å klø i strikkepinnefingrane mine. Derfor blei det tidleg klart at julegåva dette året kom til å vere av ull. Det er best å gje han slike gåver før han blir så stor at han kan legge ned protest...

Valet fall på ein gammal travar. Denne har eg strikka til to venninner av meg, og eg strikka han også då eg fekk tittelen grandtante for eit års tid sidan. Eg veit at dressen er god og varm, og han veks med ungen fordi han har eit tøyeleg strukturmønster. Han er altså perfekt for ein aktiv, liten tass.

Dressen blei levert med ein ekstra knapp festa med ein tråd til kragen. Sidan den vesle mannen bur på ein annan kant av landet, kan det vere greitt å ha ein knapp på luringa viss uhellet skulle vere ute. Eg brukar også å legge ved resten av eit nøste dersom det skulle bli behov for litt ekstra garn ein gong.

































Det blei også garn nok til ei lue. Denne trur eg kjem til å varme godt. Ho har dobbel kant og relativt store øyreklaffar, så ho bør halde både øyre og hovud gode og varme. Viss de lurer på korleis eg har strikka snorene, så er teknikken slik: Legg opp 4 masker, eventuelt plukk opp/fell ned til 4 masker (slik som eg har gjort nederst på øyreklaffane). Strikk dei 4 maskene rett. Skyv maskene over på den andre kanten av pinnen og strikk dei att. Ein strikkar altså dei 4 maskene rett frå same sida på kvar pinne. Dette betyr at det blir litt mellomrom i kanten, men når snora er ferdig og ein dreg i henne, vil det jamne seg pent ut.














Eg håpar dressen kjem til nytte og blir utsliten.

søndag 26. januar 2014

Kåpe

For fleire år sidan kom eg over ei oppskrift på ei jentekåpe. Denne strikka eg til ei ønska seg ei slik. Kåpa har pelskrage, strukturmønster på bryststykket og glattstrikk på skjørtet. Nede og på ermane er det holkant og belegg som er sydd til på innsida. Eg strikka også ei lue i baskerstil til kåpa.




































I etterkant ser eg at eg nok ville gjort det litt annleis viss eg skulle strikka kåpa igjen. Ho har hekter framme, og dette gjer at ho ikkje kan lukkast heilt att. Viss ein skal bruke henne over ein kjole, kan det fort bli litt kaldt. Eg trur nok at det ville vore betre med knappestolpar i staden for.




































Etter kvart var kåpa for lita, men ho som eigde henne, ville gjerne ha ei ny. Eg leita og leita, men kunne ikkje finne oppskrift på noka kåpe til ei større jente. Løysinga blei å strikke ut frå eige hovud. Eg kjøpte ein diger pose garn og sette meg ned med papir, blyant og kalkulator. Her ser de resultatet:




































Detalj frå pelskragen.


















Sidan kåpa var litt open i halsen, blei det strikka til laus hals. Eg strikka også lue og vottar i same stilen.


















No har kåpa gått i arv til ei som er minst like glad i å kle seg pent som ho som ein gong ønskte seg kåpe.


søndag 19. januar 2014

Marius-kjole

Etter at mariuskledene til den nye mannen i livet mitt var ferdig, hadde eg (som vanleg) ganske mykje garn att. Det er begrensa kor mange mariusplagg ein liten mann treng, så her måtte det strikkast til nokon andre. Resultatet blei ein kjole/tunika til ei lita frøken som eg gjerne brukar tid saman med. Kjolen blei strikka tidleg i vår, men sidan han skulle ligge under juletreet, kjem han ikkje i bloggen før no. Eg håpar han kjem til nytte.


lørdag 4. januar 2014

Påskejuletøflene som aldri blei dokumentert ferdig

Nokon som kjenner meg godt, vil nok seie at eg er litt over snittet glad i planlegging. Eg presenterer difor her påskesysselen for 2013: julegåver til to damer som er svært trivelege å vere saman med.


Utganspunktet er ganske kjedeleg. To par tova tøfler laga av garn og oppskrift frå SparKjøp. Spør meg ikkje kva for garn, dette er jo mange månader sidan.




Men desse damene kan knappast karakteristerast som kjedelege damer. Sjølv om typiske diskusjonstema på dei treffa vi har, er syntaks og rettskriving, så er dei altfor fargerike til å få noko så kjedeleg som einsfarga tovatøfler til jul.




Derfor: Voila! Restegarn frå mange andre prosjekt. Ei heklenål og ei oppskrift eg fann på nettet ein stad.

















Men korleis tøflene blei til slutt, det er det berre mottakarane som veit. Eg har som prinsipp at eg aldri skriv blogginnlegg om gåver som ikkje er gjeve bort enno, og då eg skulle til å skrive dette innlegget, oppdaga eg at eg ikkje hadde nokon bilete av dei ferdige tøflene. Alle fekk 3 roser i ulike fargar på vrista, og eg håpar dei kan både varme og live opp på dagar som av ein eller annan grunn er grå og hustrige.

Kanskje er mottakarane også så greie at dei knipsar eit bilete av føtene sine og sender til ho som ikkje var så veldig god på planlegging likevel?