lørdag 15. november 2014

Intervallstrikking??

Å pådra seg senebetennelse i tommelen (type de Quervains viss nokon skulle lure) når ein er ein lidenskapeleg strikkar, er ille.I starten var det ikkje mogeleg å halde i strikkepinnane - ikkje få på seg kledene på fornuftig vis heller, men det er ei heilt anna historie. Etter nokre dagar kraup eg til korset og kjøpte meg ei skinne som heldt tommelen heilt roleg. Då gjekk det meste av daglege gjeremål lettare, og den akutte fasen av betennelsen gjekk relativt raskt over. Men korleis skulle ein klare seg utan strikking?? Eg må nok innrømme at eg strikka litt også i den perioden - med skinna på! Snakk om desperasjon...

Vekene gjekk, og handleddet blei liksom ikkje betre. Faktisk blei det på mange måtar litt verre. Det som hadde starta i tommelfingeren, roa seg etter kvart ned, men i staden spreidde det seg til heile handleddet og langt opp i underarma. I starten av juni innsåg eg at eg måtte kaste inn handkledet og søke profesjonell hjelp. Eg enda til slutt opp hos ein dyktig fysioterapeut på toppidrettssenteret i Granåsen. Han sa at denne skaden hadde han sett før, dette var noko han såg hos skiløparar på toppnivå. Haha! Dette var nok den fyrste og siste gongen nokon klarte å finne ein måte å samanlikne meg med ein toppidrettsutøvar på. Eg vanka der fleire gonger, observerte diverse skihopparar som ein brukar å sjå på TV i gangane, og fysioterapeuten drog, knadde, masserte og stakk. Dessutan la han ned totalt strikkeforbod og gav meg eit himla langt treningsprogram.

Høyrde vi treningsprogram? Til denne dama? Og himla langt? Og strikkeforbod? Urk! Men kva gjer ein ikkje for strikkinga? Møt derfor den nye kameraten min:

Denne skapningen har vore med meg til Tyrkia, til Vestlandet, til London (stanga i klesskapet heldt!) og til Mallorca no i haust. Han har til og med blitt brukt (iført bunad!) mellom vigsle og festmiddag i eit bryllup i sommar. Snakk om innsats! I Tyrkia såg dei veldig rart på ho som dreiv med eit lenger treningsprogram ved bassenget kvar einaste dag. Det anar meg at det har noko med at resten av dama ikkje såg ut til å vere særleg veltrena...

Etter sommaren presenterte den hyggelege fysioterapeuten meg for desse to kompisane her, samtidig som han fortalde meg at eg kunne få lov til å intervallstrikke. At det var?? 10 minutt i slengen? Og berre viss eg heldt fram med å trene og tøye kvar dag? Men igjen - kva gjer ein ikkje for strikkinga?














Eg har alltid sagt at strikking er nødvendig for den mentale helsa, så her kjem resultatet av fleire veker med intervallstrikking og tilhøyrande trening. Genseren heiter Light Trails og finst på Ravelry for dei som er kjende der. Eg har strikka han til ein fjortis som så gjerne ville ha ny genser. Han er strikka i Falk, og mottakaren er nøgd med resultatet.


































Genseren er strikka frå toppen og ned, og erma er strikka med vranga ut. Eg hadde ingen planar om å strikke to heile erme i berre vrange masker....















Detalj frå mønsteret på skuldra.

































 Kva har så dette ført med seg?
1. Eg har aldri lese så mange bøker som eg har gjort dei siste månadene. Det er kanskje ikkje så ille, all den tid eg eg er norsklektor og over middels interessert i skjønnlitteratur.
2. Eg har innsett at eg må halde på med treninga, og at eg nok ikkje kan strikke så mykje som før. Det kan altså bli lenger mellom blogginnlegga heretter.
3. Eg har innsett at det faktisk er mogeleg å reise på ferie utan strikketøy i kofferten.
4. Eg har blitt mykje sterkare i armane. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. :)