onsdag 24. juni 2015

Strikkerska testar garn

Hadde eg visst det eg veit no om årets sommar i Trøndelag, så hadde eg nok ikke kjøpt garn til berre ein genser då eg bestemte meg for å teste Cotton Merino frå Drops. Den aller største garnfavoritten er Merino Extra Fine frå same produsent, men det er ikkje til å legge skjul på at dette garnet kan sige litt dersom ein brukar det på store plagg. Eg bestemte meg derfor for å teste Cotton Merino, i håp om at bomullsdelen av garnet skulle gjere det litt meir stabilt. Utgangspunktet for prosjektet var denne genseren frå Garnstudio.
































Observante lesarar vil sjå at eg har gjort ganske store endringar. Eg har blant anna valt rett modell i staden for A-form, og dessutan har eg forlenga ermane og brukt rillestrikk i staden for perlestrikk. Gensaren er strikka frå halskanten og ned, ein teknikk eg set meir og meir pris på. Når det forbaska, kranglete handleddet tillet berre korte økter med strikking og aller helst berre rette masker i ein farge, så må ein finne modellar som kan passe til desse kriteria. Då er raglanmetoden ei velsigning.
















Eg vil anslå at det gjekk med om lag 550 gram garn, og eg er svært nøgd med genseren. Dette blir nok eit nytt favorittgarn. Han er varm nok til å lune godt, men samtidig ikkje så varm at han får meg til å koke over. Eg trudde eg skulle kunne bruke han ut april i alle fall, men med den våren og sommaren vi har hatt i Trøndelag hittil, så har han vore flittig brukt. Meir Cotton Merino i spreke fargar står definitivt på innkjøpslista.

































For ordens skuld - bileta er tekne tidleg i mars. Sjølv i Trøndelag er det no kome lauv på trea.