tirsdag 28. juni 2016

Strikkerska forsøker toving i tørketrommel

Nokon i familien trong nye tovatøflar fordi dei gamle rett og slett var utslitne, så då var det berre å hive seg over pinnane. Eg brukte Naturgarn soft, kjøpt billig på Obs! for ei stund sidan. Dette garnet har eg ikkje prøvd å tove før, så eg hadde lyst til å ha kontrollen over prosessen.

















Samtidig trong nok tøflene å tovast ganske mykje, for dei var temmeleg store. Dei var også strikka i rillestrikk, slik at dei skulle bli så tjukke som mogeleg. Ja, fotmodellen har støvete sokkar, men her i huset blir ofte strikking prioritert før støvsuging. :)  

















Ei anna utfordring var at desse vottane også gjerne skulle vere med i tovinga, og dei skulle berre tovast lett, slik at dei faktisk blei brukande.

















Kva gjer ein då? Jau, ein dyppar alt i vatn, vrir godt opp og slenger det inn i tørketrommelen saman med eit glorete badelaken frå 80-talet og tre billige tennisballar frå xxl.

















Vottane var ikkje strikka så store i utgangspunktet. Meininga var at dei ikkje skulle bli så harde at dei blei for stive. Dei var tiltenkt ein 10-åring, og her er dei saman med ein standard damevott.

















 Etter 20 minutt toving var vottane perfekte. Hadde eg køyrt dei i vaskemaskina, hadde det blitt tovekatastrofe.


 















 Tøflene hadde dessverre framleis Gygrid-storleik. Etter lang tid i tørketrommelen gav eg opp. Deretter fekk dei to rundar på 60 grader i vaskemaskina, før dei endeleg hadde fått akseptabel storleik. Fordelen er at dei nok er omtrent det varmaste ein kan ha på beina.
















Konklusjonen er altså at toving i tørketrommel fungerer glitrande viss plagget skal tovast lett. Ved tøffare toving, må det vaskemaskin til. Det blei tøfler til slutt, og eg trur faktisk at dei er både sibir- og skotsikre. Mottakaren er strålande fornøgd, Strikkerska registrerer at garnet loar veldig under toving, så det har ikkje rykka opp på lista over favorittgarn, heller nedover.

Strikkerska innser dessverre at blogginga blir bortprioritert i kvardagen. Ho er derfor i ferd med å flytte seg over til instagram. Det kjem truleg 2-3 innlegg til her, men etter kvart blir det enno meir sporadisk enn det har vore. Viss du vil følgje med vidare, så kan du finne henne på @strikkefriken

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar