søndag 24. juli 2016

Bli med over til Instagram

Strikkerska er i ferd med å flytte seg over til Instagram. Grunnen er at blogginga rett og slett blir nedprioritert i kvardagen, og det er mykje lettare å dele bilete spontant med mobilen. Bli gjerne med over! Du finn henne på:

@knittingerlise


Det kjem kanskje til å kome fleire innlegg her, men det blir nok ganske sporadisk.

lørdag 23. juli 2016

Selbuvottar

To par Selbuvottar. Strikka som gåve til nokon som har budd utanlands i mange, mange år. Oppskrifta er frå Sandnes Garn.

















Damevottar

















Herrevottar

















Håpar gåva fell i smak og kjem godt med!


















Sidan Strikkerska innser at blogginga blir nedprioritert i kvardagen, er ho i ferd med å flytte seg til instagram i staden. Bli gjerne med! Du kan finne henne på @strikkefriken.

mandag 11. juli 2016

Mariuskjole

Mariuskjole strikka i babyull. Storleik: 10 år.






















 Dette mønsteret går ein viss aldri lei av.


















 Detalj frå mønsteret.



















Sidan Strikkerska innser at blogginga blir nedprioritert i kvardagen, er i ho i ferd med å flytte seg til instagram. Bli gjerne med! Du finn henne på @strikkefriken.

tirsdag 28. juni 2016

Strikkerska forsøker toving i tørketrommel

Nokon i familien trong nye tovatøflar fordi dei gamle rett og slett var utslitne, så då var det berre å hive seg over pinnane. Eg brukte Naturgarn soft, kjøpt billig på Obs! for ei stund sidan. Dette garnet har eg ikkje prøvd å tove før, så eg hadde lyst til å ha kontrollen over prosessen.

















Samtidig trong nok tøflene å tovast ganske mykje, for dei var temmeleg store. Dei var også strikka i rillestrikk, slik at dei skulle bli så tjukke som mogeleg. Ja, fotmodellen har støvete sokkar, men her i huset blir ofte strikking prioritert før støvsuging. :)  

















Ei anna utfordring var at desse vottane også gjerne skulle vere med i tovinga, og dei skulle berre tovast lett, slik at dei faktisk blei brukande.

















Kva gjer ein då? Jau, ein dyppar alt i vatn, vrir godt opp og slenger det inn i tørketrommelen saman med eit glorete badelaken frå 80-talet og tre billige tennisballar frå xxl.

















Vottane var ikkje strikka så store i utgangspunktet. Meininga var at dei ikkje skulle bli så harde at dei blei for stive. Dei var tiltenkt ein 10-åring, og her er dei saman med ein standard damevott.

















 Etter 20 minutt toving var vottane perfekte. Hadde eg køyrt dei i vaskemaskina, hadde det blitt tovekatastrofe.


 















 Tøflene hadde dessverre framleis Gygrid-storleik. Etter lang tid i tørketrommelen gav eg opp. Deretter fekk dei to rundar på 60 grader i vaskemaskina, før dei endeleg hadde fått akseptabel storleik. Fordelen er at dei nok er omtrent det varmaste ein kan ha på beina.
















Konklusjonen er altså at toving i tørketrommel fungerer glitrande viss plagget skal tovast lett. Ved tøffare toving, må det vaskemaskin til. Det blei tøfler til slutt, og eg trur faktisk at dei er både sibir- og skotsikre. Mottakaren er strålande fornøgd, Strikkerska registrerer at garnet loar veldig under toving, så det har ikkje rykka opp på lista over favorittgarn, heller nedover.

Strikkerska innser dessverre at blogginga blir bortprioritert i kvardagen. Ho er derfor i ferd med å flytte seg over til instagram. Det kjem truleg 2-3 innlegg til her, men etter kvart blir det enno meir sporadisk enn det har vore. Viss du vil følgje med vidare, så kan du finne henne på @strikkefriken

onsdag 8. juni 2016

Klassisk Marius

Det er rart med det. Ting har ein tendens til å balle på seg. Viss nokon får Mariusgenser, så står andre i kø med bestillinga i handa. Denne genseren går det nok ikkje an å bli lei av å strikke, og derfor var det heller ikkje vanskeleg å seie ja til å strikke nok ein Marius. Denne er den klassiske modellen, og oppskrifta er henta i Mariusboka. Garnet er Smart, kjøpt på tilbod på Obs!

































Storleik small, passar perfekt til mottakar. Lurer på om det kanskje er på tide å strikke ein slik til seg sjølv også? Hadde ikkje berre prosjektlista vore så frykteleg lang...


onsdag 25. mai 2016

Gult er kult

Denne genseren er resultatet av eit garnsal og av lysta på ein genser i ein glad farge. Dessutan fekk eg prøve eit garn eg ikkje har prøvd før. Oppskrifta finn du på Garnstudio sine sider, og garnet er Paris. 100% bomull og 17 masker per 10 cm.


































Genseren er strikka ovanfrå og ned, noko eg likar svært godt fordi eg då får høve til å sjekke passforma undervegs. Sidan garnet er så tjukt, gjekk det veldig fort å strikke han. Mesteparten er faktisk strikka på flyet mellom Europa og USA mens eg såg film på skjermen ombord.














Kva eg synest om genseren og garnet? Den observante lesaren ser nok at det er haust på biletet. Då vi kom tilbake frå USA, kom den kalde årstida i fullt mon, og sidan genseren er så utringa som han er, blei han ikkje brukt så mykje gjennom vinteren. No er kanskje trøndervinteren over, så no har han kome fram att. Han er god å ha på, men eg har ei kjensle av at garnet ikkje held seg fint så veldig lenge. Det virkar som at det sig litt, og det nuppar også ein del. Tida vil vise. Uansett er det vel slik at ein får det ein betaler for, så nokon genser som eg kunne bruke i årevis hadde eg ikkje rekna med at dette blei.


søndag 31. januar 2016

Rop om hjelp

Med den kalde hausten kom det høglydt bod om kalde fingrar om eit rop om hjelp. Her hasta det, så det var berre å hive seg over pinnane. To trådar babyull saman blei enkle, men varme vottar, og krisa var avverga.

















Oppskrift? Nei, strikka på gefühlen og med den fingerkalde disponibel for prøving av og til. Passar perfekt i år. Neste år blir det nok trong for nye.