torsdag 7. februar 2013

Grandtante eller gammeltante?

Det er nokre gonger ein føler seg litt gammal. Eit eksempel på dette er når ein blir grandtante for fyrste gong. No skal det sjølvsagt seiast at Strikkerska enno er langt frå middagshøgda, all den tid ho har tenkt å slekte på oldemora si, som blei 98 år. Ein har likevel lite personleg kontroll over tidspunkt for tildeling av grandtantestatusar, så i år skjedde det altså, trass i at Strikkerska som sagt er altfor ung for dette. Det dukka opp ei vakker, lita frøken som nok kjem til å få si tildelte dose merksemd.

Mine grandtanter var stort sett litt halvgamle damer med knelange, blomstrete kjolar i gabardin. Nokre av dei hadde ganske lyst hår, nokre hadde svakt lyseblått hår, og alle hadde permanent og brukte hårrullar. Nokre av dei strikka også. Eg trur at det gjerne gjekk i sokkar. Det ligg ikkje i dei næraste planane til Strikkerska å starte med blått leggevatn og knelange kjolar i gabardin, men strikkinga skal det i alle fall bli ei råd med.

Sidan denne vesle, vakre prinsessa nok kjem til å tilbringe ein del tid i barnehage når ho kjem seg opp på to føter, så fall valet denne gongen på ein dress som Strikkerska veit kjem til å bli god å ha på kalde vinterdagar. Det er ikkje fyrste gongen denne dressen er på pinnane her i garden, to gongar før har han blitt gjeve bort i gåve til damer som er like gamle som Strikkerska. Begge gongane var rapporten at dressen vaks med ungen. Mønsteret er slik at plagget berre strekker seg etter kvart, så ein 1-årsstorleik kunne faktisk brukast til avkommet var over to år. Dressen er strikka i Smart, og oppskrifta Strikkerska har brukt, er ein fillete papirkopi ho har snike seg til å ta ein gong for mange år sidan...


































Små prinsesser kan sjølvsagt ikkje berre få dress, kalde dagar i Trøndelag vil også krevje ei lue som sit godt på hovudet. Helst skal ho vere av ein slik art at ungen ikkje kan rive ho av seg lett, og helst skal skal ho sitje tett rundt både hals, hovud og ansikt. På Garnstudio dukka det opp ei lue som oppfylde alle desse kriteria, og her er ho. Denne lua har som de ser dusk, så med dette er fleire familieære klager av arten "Æ har aldri fått lue med dusk!" avverga...


































I Strikkerska sine sirlig arkiverte strikkeoppskrifter finst det utallige oppskrifter på vottar og sokkar, og sidan det no ein gong er slik at det brukar å trille nokre nøste ekstra opp i korga når Strikkerska handlar, var det sjølvsagt rom for dette også. Sokkane er strikka med lange vrangborder slik at dei skal sitje godt på foten og varme litt ekstra, vottane er komponert ut frå eige hovud.






















 Så til det store spørsmålet i overskrifta. Sjølv om det er ille nok å tileigne seg statusen "grandtante", så er det unekteleg eit ord med svung, synest Strikkerska. Den trønderske termen er ikkje like sjarmerande, så "gammeltante" inngår ikkje i titlar som Strikkerska kjem til å lyde framover. Det vil som tidlegare nemnt krevje blått leggevatn, permanentkrøllar og blomstrete kjole i gabardin....




















Observante lesarar lurer kanskje på kvifor ikkje denne vesle, vakre frøkena fekk strikkakle i ein ekte jentefarge? Dels skuldast dette at Strikkerska nesten sporenstreks sprang ut og handla garn då ho fekk vite at barnet var på veg, og dels skuldast dette at Strikkerska veit at denne dressen er så god at han gjerne kan brukast av fleire ungar i år etter år. Ein eventuell veslebror ein gong i framtida vil kanskje ikkje vere så veldig lysten på prinsesserosa strikkakle...

5 kommentarer:

  1. Herlig dress, er i samme posisjon, ei gamletante her me :D
    Skal snart blogge dress fra denne gamletanta ;) Her er det høy rosa faktor da det bare har vært gutter, både egne og nevøer:D

    Go helg fra ei gamletante til ei anna :D

    SvarSlett
  2. Veldig fin dress! - og fine fabuleringer om gammeltanter/grandtanter. Jeg har vokst opp med nordnorske gammeltanter som syntes det var en hedersbetegnelse å være gammeltante, så for meg lukter tittelen av vafler og rød saft i mengder.

    SvarSlett
  3. Herlighet for ein fin dress! Og den lua var jo bare helt fantastisk! Det fins ikke bedre luer enn de som varmer både hode, ører og hals:)

    SvarSlett
  4. Den dressen var det noko kjent med, gitt! Kan det hende papirkopien er frå meg? Junior hadde iallfall ein slik dress då han gikk i barnehagen - noko som minner meg om at han truleg er den i familien som står først i kø for nye strikkeplagg. Dressen veks ned ungen, men ikkje heilt til han blir 12 år :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan godt hende. Eg trur den fyrste unge mannen som eg strikka dressen til, stod konfirmant no i vår, så då har du i tilfelle hatt oppskrifta ganske lenge. Eg synest også du skal unne den unge mannen eit nytt strikkeplagg no - spesielt viss denne dressen var det siste han fekk. :)

      Slett