søndag 22. mars 2015

Hastverksprosjekt

Etter at Restevottane eg strikka for litt sidan brått blei altfor små, måtte dei erstattast i full fart for å hindre blåfrosne fingrar. Utvalet av tovavottar er rikhaldig, men det skulle visst absolutt vere vottar med tettsitjande vrangbord, må vite. Det var derfor berre å dukke ned i restegarnet og sjå kva ein fekk til.

Desse vottane er strikka av Merino Extra Fine og stort sett på frihand. Kanskje hadde det vore ein idé å bruke oppskrift, for tommelkilen blei liksom så underleg passert. Men så lenge mottakaren er fornøgd, så har eg ikkje tenkt å setje henne på idéen at det er noko som ikkje stemmer med dei.






















 For dei som lurer på kvifor vottane ser ut til å vere strammare i overgangen mellom dei ulike fargeskifta, så er det fordi eg har festa endane den vegen. Ja, eg kunne nok ha trekt litt i dei før eg dampa dei, men som sagt: hastverksprosjekt. Dessutan var det eit fantastisk vêr ute då vottane blei ferdigstilt og fotografert, og vi som har budd i Trøndelag eit stund, veit at då heng ein seg ikkje opp i slike detaljar som buklete vottar, ein berre kjem seg ut så fort som mogeleg. Det kan bli lenge til neste gong.


~

søndag 15. mars 2015

Ravello - på ein måte

I slutten av juli kom Strikkerska tilbake frå ferie. Eller - ho var ein tur innom i heimen mellom to turar. Det var sal på Muskat, og ho hadde det travelt, så ho stakk innom Jens Hoff på City Syd og snappa med seg nokre nøste i full fart. Ho hadde ei formeining om at det skulle bli ein stripete genser ein gong, men resten av planen var relativt uklar.

Garnet blei liggande i ein pose i den store kassa under trappa, før det brått ein dag fekk kome fra. No starta jakta på den perfekte oppskrifta - noko som skulle vise seg å bli ei hovudpine. Til slutt fall valet på Ravello, ein genser som har gått som ein farsott gjennom norske strikkebloggar det siste året.






















 Strikkerska har vel i grunnen til gode å følgje ei oppskrift slik som ho står, så dette er hennar eigen tilpassa tofarga Ravello. Dessutan var Muskat ein god del tjukkare enn det garnet som står i oppskrifta, så her måtte matematikkunnskapane fram igjen. I fyrste omgang blei reknestykket relativt mislukka. Genseren er strikka ovanfrå og ned, og då Strikkerska hadde delt av til ermar og var begynt på bolen, fann ho ut at ho skulle prøve genseren. Det blei eit deprimerande syn. Pølseskinn og tvangstrøye var ord som gjekk gjennom hjerna eit lite sekund, før ho prisa seg lukkeleg for at ho hadde begynt øverst. Det var berre å strikke vidare, auke litt meir og vips!, så hadde genseren den rette forma.













Ein periode strikka Strikkerska på genseren frå tre kantar. Det hang altså 8 rette pinnar og ein rundpinne i arbeidet samtidig? Kvifor? Jau, ho måtte tyne det blå garnet til det siste. Derfor blei det strikka både bol og striper på erma samtidig, slik at ikkje noko garn skulle gå til spille.






















Genseren er i bruk og har allereie gått inn blant favorittane. Denne vil bli mykje brukt.

søndag 1. mars 2015

Restevottar

Ein dag oppdaga eg ei frøken som eg kjenner, trong eit par nye vottar. Ho gjekk nemleg rundt med eit par vottar som var strikka til henne i barnehagen, og no er ho allereie komen langt i tannfellinga. Vrangborden starta langt oppe på handleddet, og tommelen på votten gjekk berre så vidt nedom fyrste leddet på fingeren. Eg tilbaud henne eit rikhaldig utval av tovavottar frå hennar eiga skuffe, men nei - "dæm e for varm!" Det var berre ein ting å gjere - å strikke vottar.

Eg hadde framleis grått ullgarn liggande. Observante lesarar vil dra kjensel på det same ullgarnet som dei tre førre blogginnlegga handlar om - Strikkerska har ein ørliten tendens til å handle stort når det er sal på Obs! I tillegg til dette er det alltids eit rikt utval av restegarn i kista mi. Vi blei derfor einige om ein fargepalett som kunne fungere.






















 Oppskrifta eg har brukt er Arne og Carlos si, og kan finnast her.





















Eg har gjort nokre justeringar for å få den rette storleiken, blant anna har eg utelate endane på mønsteret. Eg har også gjort om litt på tommelen.





















Vottane fall i smak, blei tekne i bruk same dagen som dei var ferdige, og har vore i trufast bruk sidan. No er ikkje Strikkerska så rask til å blogge om dei prosjekta ho har, så i dette tilfellet kan det rapporterast om følgjande: To månaders bruk med aktiv leik i snøen har sett sine spor. Sjølv garnet Falk er superwashbehandla, så har det tova temmeleg kraftig. Vottane er derfor no vindtett, vasstett og truleg også skotsikre. Ulempa er at dei også er minst to storleikar mindre enn då eg startar, så vi er tilbake til der vi starta med vrangbord langt oppe på handleddet og altfor kort og trang tommel. Det må strikkast nye vottar, men enn så lenge må frøkena ta til takke med eit rikt utval av altfor varme tovavottar.