søndag 16. september 2012

Restevinter

Det går definitivt mot kaldare tider i Trøndelag. Det er absolutt inga for at vi skal bli kollektivt dehydrerte i bartebyen, det har vi jammen fått erfare i det siste. Det er surt, vått og hustrig, og vi innser derfor at vi må førebu oss til kaldare tider, også når det gjeld innhaldet i klesskapet.

Denne lilla vesten har blitt presentert tidlegare på bloggen, og han har vore ferdig ei god stund no. Eg hadde 4 nøste til disposisjon, men etter 3 nøste sa ho som skal bruke han høgt og tydeleg stopp! Så lang, men ikkje lenger! Nøste nr 4 er lagt vekk og notert inn på 5-årsplanen. Ein ekte strikkeentusiast ligg neppe noko tilbake for sovjetiske menn med bart når det gjeld å legge lange planar, ei heller denne dama her.


































Så dukka det plutseleg opp 3 nøste med garn frå ein Hello Kitty-genser som blei strikka for eit års tid sidan. Kva skulle desse brukast til? Nokon hadde lagt inn klage på at dei aldri hadde fått lue med dusk, så då blei det lue med dusk. Lua er strikka med eit halvt auge Marius-mønsteret. Strikking på frihand har begynt å bli ei ganske vanleg tidtrøyte her i heimen. Det andre halve auget var stort sett på TV-en.


































For nokre månader sidan blei denne lua strikka. Ho er strikka av to nøste Sisu som låg att etter ein kjole som blei strikka for fleire år sidan. Eigaren av lua var sjølv på garnstudio.com og leita opp kva ho ville ha, så då var det berre å fyre opp pinnane.


































Den same eigaren ville også ha vottar til lua, så då blei dette neste prosjekt. Desse blei strikka ferdig sist fredag. Sjølv om dei ikkje er strikka i same mønster, så passar dei vel saman med lua. Det grå garnet er den same fargen som i lua, men her er det brukt svart i staden for koksgrått. Grunnen til det er at det var denne fargen som låg i restekassa, og målet for resten av året er å få unna ein del restegarn som ligg og tek plass.  Strikkerska innser at dette kan bli vanskeleg, når både Obs!, Jens Hoff og Drops har sal på garn samtidig...


































Dette burde vel gå ganske godt saman, får ein tru. Eg har fått ei klar og tydeleg bestilling på "sånnre votta te mæ å", så ein skal ikkje sjå bort frå at det kan dukke opp fleire Selbuvottar på bloggen etter kvart.






















Den siste førebuinga - så langt - til kaldare dagar er ein hals. Ein gong for eit års tida sidan kjøpte eg ein bærepose med garn på sal på Obs! Mesteparten av garnet blei ein genser, men det var att 4 nøste. Sjølv om Strikkerska er ein skarve norsklektor, så har ho klart å rekna ut at halsen blir 125 cm lang når han er ferdig, og det bør vel halde til to gongar rundt halsen på ei som snart susar inn i tenåra.


































Eg må innrømme at eg atter ein gong har ramla utpå og handla ein bærepose med garn på Obs! Av dette skal det bli nokre plagg som neppe blir vist på bloggen før langt utpå nyåret, all den tid dei skal bli gåve til nokon i dei tider. Dersom det blir litt stille på bloggen, så er det altså fordi eg held på med eit prosjekt som ikkje kan visast fram på lenge enno.