lørdag 26. desember 2015

Klassisk Marius

På klassebiletet mitt frå tidleg 80-tal var det minst ein elev som hadde ein slik genser som dette her. Klassisk Marius. Går aldri av moten. Derfor var det heller ikkje så overraskande at det dukka opp eit spørsmål om å få ein slik genser frå ein kar som eg kjenner ganske godt.



















Sidan han som ønska seg genser denne gongen, ikkje toler anna ull enn Merino Extra Fine, så blei genseren strikka i akkurat dette garnet. Dette medførte litt berekning og kalkulering, men sidan garnet er kjent for å sige litt, blei genseren strikka på tynnare pinnar enn tilrådd, slik at det skulle bli fast og greitt. Fargane er omlag dei same som i originalgarnet.


































Som de ser av bileta, så ligg blogginga allereie mange månader etter produksjonsdagen. Ein ting er at det går sakte med strikkinga pga handledd som kranglar, treig blogging skuldast kun sløvheit frå Strikkerska si side. :)



onsdag 24. juni 2015

Strikkerska testar garn

Hadde eg visst det eg veit no om årets sommar i Trøndelag, så hadde eg nok ikke kjøpt garn til berre ein genser då eg bestemte meg for å teste Cotton Merino frå Drops. Den aller største garnfavoritten er Merino Extra Fine frå same produsent, men det er ikkje til å legge skjul på at dette garnet kan sige litt dersom ein brukar det på store plagg. Eg bestemte meg derfor for å teste Cotton Merino, i håp om at bomullsdelen av garnet skulle gjere det litt meir stabilt. Utgangspunktet for prosjektet var denne genseren frå Garnstudio.
































Observante lesarar vil sjå at eg har gjort ganske store endringar. Eg har blant anna valt rett modell i staden for A-form, og dessutan har eg forlenga ermane og brukt rillestrikk i staden for perlestrikk. Gensaren er strikka frå halskanten og ned, ein teknikk eg set meir og meir pris på. Når det forbaska, kranglete handleddet tillet berre korte økter med strikking og aller helst berre rette masker i ein farge, så må ein finne modellar som kan passe til desse kriteria. Då er raglanmetoden ei velsigning.
















Eg vil anslå at det gjekk med om lag 550 gram garn, og eg er svært nøgd med genseren. Dette blir nok eit nytt favorittgarn. Han er varm nok til å lune godt, men samtidig ikkje så varm at han får meg til å koke over. Eg trudde eg skulle kunne bruke han ut april i alle fall, men med den våren og sommaren vi har hatt i Trøndelag hittil, så har han vore flittig brukt. Meir Cotton Merino i spreke fargar står definitivt på innkjøpslista.

































For ordens skuld - bileta er tekne tidleg i mars. Sjølv i Trøndelag er det no kome lauv på trea.

søndag 10. mai 2015

Baggy? Kriminell?

Ein stykk ganske stor gut var praktisk talt luelaus. Slik kan ein ikkje ha det! Den luetrengande er ikkje spesielt kresen i klesvegen og kjøpte raskt argumentet om å bruke opp restegarn frå tidlegare prosjekt. Bestillinga sa at lua skulle vere litt baggy og lang, og som de ser, så blei det slik.




















Lueeigaren påpeiker at ein også kan omforme lua til meir kriminell-look, om ein måtte ha lyst til det.
























Ho kan også brukast på husdyr av det relativt tause slaget.

















Fakta: Ca to nøste Merino Extra fine
Masketal:120
I etterkant ser eg at eg nok kunne brukt litt færre masker.

søndag 26. april 2015

Ups! I did it again!

I fjor gav eg bort to par tøfler til to gode venninner til jul, og fyrst lenge etter jul oppdaga eg at eg hadde gløymt å ta bilete av dei før eg pakka dei inn og gav dei ifrå meg. I etterkant kan ein kanskje tru at ein lærer av slike feil, men det er visst for mykje å forlange, viser det seg. Derfor skjedde det altså igjen i år. To par vottar gjekk til to flotte damer til jul, og i februar ein gong kom eg på at eg kanskje burde ha fotografert dei. Heldigvis er ikkje damene så langt unna, og med dagens teknologi var bilete berre eit par tastetrykk unna.

Vottane heiter "Bittas Mittens" og oppskrifta er henta frå Ravelry. Eg har strikka dei i Merino Extra Fine, og eg meiner at det gjekk litt i underkant av to nøste per par. Lesarane av bloggen bør likevel ta desse opplysningane med ei klype salt, all den tid eg ikkje ein gong er i stand til å hugse å ta bilete av ferdige produkt...

Uansett - vottane var ukompliserte og artige å strikke, og eg håpar at dei har kome til nytte hos mottakarane. 




søndag 22. mars 2015

Hastverksprosjekt

Etter at Restevottane eg strikka for litt sidan brått blei altfor små, måtte dei erstattast i full fart for å hindre blåfrosne fingrar. Utvalet av tovavottar er rikhaldig, men det skulle visst absolutt vere vottar med tettsitjande vrangbord, må vite. Det var derfor berre å dukke ned i restegarnet og sjå kva ein fekk til.

Desse vottane er strikka av Merino Extra Fine og stort sett på frihand. Kanskje hadde det vore ein idé å bruke oppskrift, for tommelkilen blei liksom så underleg passert. Men så lenge mottakaren er fornøgd, så har eg ikkje tenkt å setje henne på idéen at det er noko som ikkje stemmer med dei.






















 For dei som lurer på kvifor vottane ser ut til å vere strammare i overgangen mellom dei ulike fargeskifta, så er det fordi eg har festa endane den vegen. Ja, eg kunne nok ha trekt litt i dei før eg dampa dei, men som sagt: hastverksprosjekt. Dessutan var det eit fantastisk vêr ute då vottane blei ferdigstilt og fotografert, og vi som har budd i Trøndelag eit stund, veit at då heng ein seg ikkje opp i slike detaljar som buklete vottar, ein berre kjem seg ut så fort som mogeleg. Det kan bli lenge til neste gong.


~

søndag 15. mars 2015

Ravello - på ein måte

I slutten av juli kom Strikkerska tilbake frå ferie. Eller - ho var ein tur innom i heimen mellom to turar. Det var sal på Muskat, og ho hadde det travelt, så ho stakk innom Jens Hoff på City Syd og snappa med seg nokre nøste i full fart. Ho hadde ei formeining om at det skulle bli ein stripete genser ein gong, men resten av planen var relativt uklar.

Garnet blei liggande i ein pose i den store kassa under trappa, før det brått ein dag fekk kome fra. No starta jakta på den perfekte oppskrifta - noko som skulle vise seg å bli ei hovudpine. Til slutt fall valet på Ravello, ein genser som har gått som ein farsott gjennom norske strikkebloggar det siste året.






















 Strikkerska har vel i grunnen til gode å følgje ei oppskrift slik som ho står, så dette er hennar eigen tilpassa tofarga Ravello. Dessutan var Muskat ein god del tjukkare enn det garnet som står i oppskrifta, så her måtte matematikkunnskapane fram igjen. I fyrste omgang blei reknestykket relativt mislukka. Genseren er strikka ovanfrå og ned, og då Strikkerska hadde delt av til ermar og var begynt på bolen, fann ho ut at ho skulle prøve genseren. Det blei eit deprimerande syn. Pølseskinn og tvangstrøye var ord som gjekk gjennom hjerna eit lite sekund, før ho prisa seg lukkeleg for at ho hadde begynt øverst. Det var berre å strikke vidare, auke litt meir og vips!, så hadde genseren den rette forma.













Ein periode strikka Strikkerska på genseren frå tre kantar. Det hang altså 8 rette pinnar og ein rundpinne i arbeidet samtidig? Kvifor? Jau, ho måtte tyne det blå garnet til det siste. Derfor blei det strikka både bol og striper på erma samtidig, slik at ikkje noko garn skulle gå til spille.






















Genseren er i bruk og har allereie gått inn blant favorittane. Denne vil bli mykje brukt.

søndag 1. mars 2015

Restevottar

Ein dag oppdaga eg ei frøken som eg kjenner, trong eit par nye vottar. Ho gjekk nemleg rundt med eit par vottar som var strikka til henne i barnehagen, og no er ho allereie komen langt i tannfellinga. Vrangborden starta langt oppe på handleddet, og tommelen på votten gjekk berre så vidt nedom fyrste leddet på fingeren. Eg tilbaud henne eit rikhaldig utval av tovavottar frå hennar eiga skuffe, men nei - "dæm e for varm!" Det var berre ein ting å gjere - å strikke vottar.

Eg hadde framleis grått ullgarn liggande. Observante lesarar vil dra kjensel på det same ullgarnet som dei tre førre blogginnlegga handlar om - Strikkerska har ein ørliten tendens til å handle stort når det er sal på Obs! I tillegg til dette er det alltids eit rikt utval av restegarn i kista mi. Vi blei derfor einige om ein fargepalett som kunne fungere.






















 Oppskrifta eg har brukt er Arne og Carlos si, og kan finnast her.





















Eg har gjort nokre justeringar for å få den rette storleiken, blant anna har eg utelate endane på mønsteret. Eg har også gjort om litt på tommelen.





















Vottane fall i smak, blei tekne i bruk same dagen som dei var ferdige, og har vore i trufast bruk sidan. No er ikkje Strikkerska så rask til å blogge om dei prosjekta ho har, så i dette tilfellet kan det rapporterast om følgjande: To månaders bruk med aktiv leik i snøen har sett sine spor. Sjølv garnet Falk er superwashbehandla, så har det tova temmeleg kraftig. Vottane er derfor no vindtett, vasstett og truleg også skotsikre. Ulempa er at dei også er minst to storleikar mindre enn då eg startar, så vi er tilbake til der vi starta med vrangbord langt oppe på handleddet og altfor kort og trang tommel. Det må strikkast nye vottar, men enn så lenge må frøkena ta til takke med eit rikt utval av altfor varme tovavottar.

torsdag 19. februar 2015

Varme trompetistfingrar

Ein ung trompetist trong nye vottar - gjerne noko med musikktema. Eg var inne på tanken på å teikne mønster sjølv, men det trong eg slett ikkje. Passande mønster var å finne på nettet, så her var det berre å leite fram litt Falk frå den store kassa under trappa og gå i gong.