tirsdag 27. august 2013

Star Wars

For 3 år kom følgjande bøn frå ein kar eg kjenner godt: "Æ ønske mæ en Star Wars-genser, æ." Svaret han fekk var: "Seier du det, ja. Det skal vi sikkert få til." Inne i hovudet var reaksjonen meir sånn: "Good Lord, kva har eg lova no, korleis i all verda skal dette gå?" Den vesle karen toler ikkje ull direkte mot huda, så det var allereie klart at genseren skulle strikkast i bomull. Nokon annan plan hadde eg ikkje.


Eit omfattande søk på Ravelry og andre nettstader gav ikkje noko treff på Star Wars-genser. Ergo måtte genseren bli til utan oppskrift. Heldigvis fann eg ein del mønsterdiagram med Star Wars-mønster her og der, og dei pusla eg saman så godt eg kunne. Sjølve logoen fann eg ikkje noko mønster på, så han laga eg sjølv ved hjelp av Excel, eit bilete og litt kreativ språkbruk. Nød lærer naken kvinne å spinne. Eller å teikne.

















Bestillaren av genseren hadde ganske klare idéar kva som skulle være med av mønster. Lyssverd var viktig. Veldig viktig. Desse kvite figurane (som eg ikkje anar kva heiter - beklager til alle Star Wars-fans der ute...) måtte også vere med.

















"May the force be with you" kjem ein sjølvsagt ikkje utanom.

















Slik ser den ferdige genseren ut. Tilleggsutstyret er også klart, som de ser.

































Og slik ser genseren ut på baksida.

















Som de ser på bileta, blei genseren strikka ganske stor. Han er framleis i bruk i dag, også ein del takka vere garnet. Eg strikka han med Mandarin Classic (trur eg), og det har sige ganske mykje, så han har i alle fall ikkje blitt mindre. Hadde eg skulle strikka genseren i dag, hadde eg nok valt Mandarin Petit i staden. Eg trur likevel ikkje at han blir strikka fleire gonger. Store deler av mønsteret nederst på bolen har 3 trådar samtidig, og sidan eg ikkje klipte opp for ermar, blei mønsteret både på brystet og skulderparteiet strikka fram og tilbake. Eg hadde skuldrane oppe ved øyrene då eg var ferdig, men kva gjer ein ikkje for små, sjarmerande karar med bedande auge?

11 kommentarer:

  1. Et skikkelig imponerende stykke arbeid der, du! Jeg skjønner ikke hvordan det hele tatt er mulig å få til noe sånt ved hjelp av en tråd og pinner. Jeg ønsker meg genser med syntaktiske trær på, gjerne dypstruktur og overflatestruktur av klassiker-setningen fra Chomsky: Colorless green ideas sleep furiously. På forhånd takk :-D

    SvarSlett
  2. Dei kvite heiter Stormtrooper :-) Den på midten på baksida heite R2-D2 (uttalast artodito)og han som er på sida av R2D2 er ondingen sjøl, Darth Vader!

    Ellers er det eit imponerande stykke arbeid du har laga! Skal ikkje vise dinne til bror min, då det er fare for at eg må kvesse strikkepinnane :-)

    Vennleg helsing Sunniva

    SvarSlett
  3. Åå fy søren, for en jobb! Tipper at helten i huset elsker denne :) Mektig imponert! Hadde tenkt på ei lue til min helt, men nååå... Gruble gruble. Mye godt arbeid utført her! :) Tusen takk for inspirasjon!

    Fin dag til deg,
    Eli Kristin

    SvarSlett
  4. Tusen takk til alle for gode ord! Dette er nok det mest kompliserte eg nokon gong har strikka, men artig var det.

    SvarSlett
  5. Utrolig kuuul genser. Har du lyst til å dele mønsteret med meg?
    Ha en fin dag.
    Anita

    SvarSlett
  6. Utrolig kuuul genser. Har du lyst til å dele mønsteret med meg?
    Ha en fin dag.
    Anita

    SvarSlett
    Svar
    1. Det finst inga oppskrift, dessverre. Genseren blei til mens eg strikka, men alt er laga med utgangspunkt i mønster eg fann på nettet. Om du googlar star wars knitting charts, så vil du finne det meste. :)

      Slett