tirsdag 26. februar 2013

Varm på fingrane

Tidlegare i vinter såg Strikkerska behov for ein hals og ei lue til den nyinnkjøpte jakka hennar. Strikkerska er slik at ho helst ikkje vil bli kald, og blir det mindre enn 5 plussgrader, så kjem lua på. Av og til lurer ho faktisk på om ho skal begynne med saggebukser også, for å kunne skli rett inn i luegjengen på jobben. Skjønt - det er ikkje mangle hekla rosettar i sikte der i garden, så det er kanskje lurast å slå frå seg akkurat det.

































 Strikkerska har tidvis mange problem. Eit av dei er at ho blir fort kald på fingrane. Eit av dei andre problema ho slit med, er restegarn. Spesielt desse nøsta som vankar åleine, totalt venelause, er sjeldan brukande til så mykje, og dei kan derfor bli liggande sørgjeleg lenge. I alle fall var det slik før Strikkerska møtte ein annan strikkande lektor for eit par-tre år sidan. Ho introduserte Strikkerska for pulsvarmarar. Fyrst trudde Strikkerska at dette berre var pynt og dill, men der tok ho feil. Slike lektorar som oss har ein tendens til å sitje i seine kveldstimar, ofte blåfrosne på fingrane, med tunge dungar med tekstar av ulik kvalitet som skal lesast og vurderast. Slik var det i alle fall før Strikkerska oppdaga at termostaten sat i handledda, og at eit par pulsvarmarar faktisk kan varme heile kroppen. For dei som ikkje trur på det - ta eit tilfeldig restenøste og prøv sjølv, så skal du sjå.
















Ei ekte strikkerske har sjølvsagt pulsvarmarar som passar til halsen og lua, i alle fall når det tilfeldigvis blir att eit ekstra nøste frå lue- og halsprosjektet. Desse er også veldig gode viss ein vil halde ut kaldgufsen som kjem opp gjennom ermhola på jakka når ein er ute og går i middels trøndervêr. Strikkerska likar - ikkje uventa - heller ikkje å bli kald på fingrane.

































Alle som har budd i Trøndelag ei stund, kjenner til omgrepet "trøndersommar". Det høver seg kanskje ikkje å gå med vottar midt på sommaren sjølv om regnet kjem sidelengs og jordbærplantane i hagen står stive av skrekk, men pulsvarmarar, det er gangbar vare uansett. Her er eit par i ullgarn kjøpt i Riga.

















Og her er jammen eit par til av same ulla, berre anna farge.



Jammen blei det garn til enno eit par, denne gongen med litt meir komplisert mønster.



Kven seier at ikkje ull kan passe til fest? Den strikkande lektoren introduserte Strikkerska for perlestrikking, noko som var heilt upløygd mark, trass i over 25 år med ivrig strikking. Her må ein ha tunga beint i munnen og følgje nøye med på mønsteret, men elles er det ikkje spesielt vanskeleg å få til.



Strikkerska har laga fleire par pulsvarmarar med perler. Dessverre finst det ikkje bilete av dei, for dei blei julegåver før ideen om ein strikkeblogg tok form. Det er likevel stor fare for at det kjem til å dukke opp fleire på bloggen etter kvart. Perler og garn ligg klar i garnkassen til Strikkerska. Ho må berre kome i perlestrikkemodus fyrst.

onsdag 20. februar 2013

Ein må vere rask på avtrekkaren...

Nokre gonger står mottakaren av strikkekleda eg lagar formeleg og trippar etter å få kloa i plagget. Det hender derfor at eg spring etter med kameraet heilt forgjeves, men borte er både plagget og brukaren av det. Ein må altså vere rask på avtrekkaren viss ein skal få dokumentert arbeidet. Slik var det denne gongen. Tradisjonen tru vart det att garn frå forrige prosjekt, og bestillinga denne gongen var ei kul lue med passande selbuvottar til. Bestillaren hadde sett seg ut denne lua på Garnstudio, men knappane var ho ikkje vidare interessert i. Vottane var det heller ikkje så nøye med, berre dei passa til lua.

Mor strikka i veg, og resultatet blei slett ikkje verst. Det var ei artig lue å strikke, og etter bruksfrekvensen å dømme, så er ho god også.





















Men som sagt - å få eit bilete av plagga skulle vise seg å vere vanskeleg. Eg prøvde fleire gonger. Nokre gonger var dei blaute, nokre gonger var dei krølla ned i ein sekk, og nokre gonger var verken dei eller brukaren å finne. Vottane ser derfor allereie godt brukt ut før dei blir vist fram her på bloggen.

































Eigentleg er vel dette eit luksusproblem. Ingenting gler vel ein lidenskapleg strikkar meir enn at plagga fell i smak og blir utslitne. Eg har meir enn nok restegarn til å strikke fleire vottar når desse ein gong tek kvelden.





















Eg har ikkje tenkt å ta kvelden. Eg har faktisk tenkt å bruke kvelden til å strikke ein vott til eit lite menneske som enno ikkje har sett dagens lys. Det er vinterferie, og norsklektoren brukar strikkinga aktivt for å fortrengje tanken på ein dunge med norsktekstar som ligg i sekken og vansmektar... 

torsdag 7. februar 2013

Grandtante eller gammeltante?

Det er nokre gonger ein føler seg litt gammal. Eit eksempel på dette er når ein blir grandtante for fyrste gong. No skal det sjølvsagt seiast at Strikkerska enno er langt frå middagshøgda, all den tid ho har tenkt å slekte på oldemora si, som blei 98 år. Ein har likevel lite personleg kontroll over tidspunkt for tildeling av grandtantestatusar, så i år skjedde det altså, trass i at Strikkerska som sagt er altfor ung for dette. Det dukka opp ei vakker, lita frøken som nok kjem til å få si tildelte dose merksemd.

Mine grandtanter var stort sett litt halvgamle damer med knelange, blomstrete kjolar i gabardin. Nokre av dei hadde ganske lyst hår, nokre hadde svakt lyseblått hår, og alle hadde permanent og brukte hårrullar. Nokre av dei strikka også. Eg trur at det gjerne gjekk i sokkar. Det ligg ikkje i dei næraste planane til Strikkerska å starte med blått leggevatn og knelange kjolar i gabardin, men strikkinga skal det i alle fall bli ei råd med.

Sidan denne vesle, vakre prinsessa nok kjem til å tilbringe ein del tid i barnehage når ho kjem seg opp på to føter, så fall valet denne gongen på ein dress som Strikkerska veit kjem til å bli god å ha på kalde vinterdagar. Det er ikkje fyrste gongen denne dressen er på pinnane her i garden, to gongar før har han blitt gjeve bort i gåve til damer som er like gamle som Strikkerska. Begge gongane var rapporten at dressen vaks med ungen. Mønsteret er slik at plagget berre strekker seg etter kvart, så ein 1-årsstorleik kunne faktisk brukast til avkommet var over to år. Dressen er strikka i Smart, og oppskrifta Strikkerska har brukt, er ein fillete papirkopi ho har snike seg til å ta ein gong for mange år sidan...


































Små prinsesser kan sjølvsagt ikkje berre få dress, kalde dagar i Trøndelag vil også krevje ei lue som sit godt på hovudet. Helst skal ho vere av ein slik art at ungen ikkje kan rive ho av seg lett, og helst skal skal ho sitje tett rundt både hals, hovud og ansikt. På Garnstudio dukka det opp ei lue som oppfylde alle desse kriteria, og her er ho. Denne lua har som de ser dusk, så med dette er fleire familieære klager av arten "Æ har aldri fått lue med dusk!" avverga...


































I Strikkerska sine sirlig arkiverte strikkeoppskrifter finst det utallige oppskrifter på vottar og sokkar, og sidan det no ein gong er slik at det brukar å trille nokre nøste ekstra opp i korga når Strikkerska handlar, var det sjølvsagt rom for dette også. Sokkane er strikka med lange vrangborder slik at dei skal sitje godt på foten og varme litt ekstra, vottane er komponert ut frå eige hovud.






















 Så til det store spørsmålet i overskrifta. Sjølv om det er ille nok å tileigne seg statusen "grandtante", så er det unekteleg eit ord med svung, synest Strikkerska. Den trønderske termen er ikkje like sjarmerande, så "gammeltante" inngår ikkje i titlar som Strikkerska kjem til å lyde framover. Det vil som tidlegare nemnt krevje blått leggevatn, permanentkrøllar og blomstrete kjole i gabardin....




















Observante lesarar lurer kanskje på kvifor ikkje denne vesle, vakre frøkena fekk strikkakle i ein ekte jentefarge? Dels skuldast dette at Strikkerska nesten sporenstreks sprang ut og handla garn då ho fekk vite at barnet var på veg, og dels skuldast dette at Strikkerska veit at denne dressen er så god at han gjerne kan brukast av fleire ungar i år etter år. Ein eventuell veslebror ein gong i framtida vil kanskje ikkje vere så veldig lysten på prinsesserosa strikkakle...