søndag 23. juni 2013

Ein ny mann i livet mitt

For nokre veker dukka det opp ein ny mann i livet mitt. Han er liten, lyslugga og vakker, og slik ein kjekk kar må sjølvsagt utstyrast med passande garderobe. Sidan han ikkje kom aldeles umeldt inn i livet mitt, så låg han inne på den berømte langtidsplanen allereie ei stund før jul. Eg sende derfor ut ganske tydelege meldingar om at marius-strikkeboka gjerne kunne ligge under juletreet, og den som fekk beskjeden, både oppfatta han og handla deretter. Kledene har vore ferdig lenge, men av og til (ganske ofte, faktisk!) tek ting tid, så dei kjem derfor ikkje på bloggen før no.

Ein gong i tida strikka eg ei jakke i babyull. Då eg skulle klippe opp for ermane, løsna nokre av trådane, sjølv om eg hadde vore svært påpasseleg med å sy tette maskinsaumar på førehand. Eg klarte å ordne det att, men ikkje utan ein del kreative gloser og lett stigande blodtrykk. Etter den historia har eg stort sett brukt å strikke mønster fram og tilbake når eg brukar babyull, i rein skrekk for at det same skal skje igjen. Ofte har eg valt ut modellar som har raglanfelling eller rund sal, fordi dette gjev plagg som har god passform til slike små menneske.

Til den vesle nye karen i livet mitt blei det eit marius-sett med rundfelling i str. 1 år. Det er altså eit stykke fram til han kan bruke det, men det kan vel kanskje hende at det blir eitt og anna strikkeplagg på han ved andre høve også. Her er genseren. Nokre tilpasningar har eg gjort. Blant anna har eg felt litt fleire masker på slutten av rapporten slik at halskanten ikkje skulle bli så vid. Eg har også strikka både bolen og ermane litt lenger enn det som stod i mønsteret.


















Ei bukse vart det også. Som vanleg vert ho levert med strikken i livet festa med ei sikkerheitsnål, kanten rundt livet nesten attsydd og resten av tråden hengande laust. Eittåringar finst i mange lengder og breidder, så då er det lett å justere når ein kjem så langt. Det må påpeikast at buksebeina er på omgangen like lange. Fotografen derimot, er ikkje i alltid i vater.


































Ei lue høyrer også med. Eg likar luer med øyreklaffar, dei gjer at ein ikkje treng å dra lua så langt ned i augene for at ho skal dekke øyrene. Dette er fyrste gong eg har strikka snorene. Alt ein lærer på jutub!


































Etter å ha studert side opp og side ned med bilete av mariussokkar på nettet, fall eg ned på desse her.



































Det same gjeld også for vottane. Det er vanskeleg å finne mariusvottar med mønsteret framover hendene, så derfor blei det slik. Eg veit at vottar som er strikka med mønster og to trådar er mykje varmare enn dei som er strikka med berre ein tråd, men det får heller bli eit par ekte selbuvottar på karen ein gong seinare.


































Om det blei att garn? Sjølvsagt! Men kva det skal bli til, får vere hemmeleg til etter neste solsnu.