onsdag 19. februar 2014

Langtidsprosjekt

Tidleg i desember starta eg på eit prosjekt eg visste kom til å ta lang tid, men at det skulle bli midt i februar før eg vart ferdig, hadde eg ikkje trudd. Det ferdige resultatet ser de på biletet under:

I oppskrifta, som de finn her, står det eigentleg at ein skal bruke garnet Lima, men sidan eg er usikker på om eg toler dette garnet, tok eg ikkje sjansen på å bruke det. Valet fall i staden på Merino Extra Fine, som er eit garn som eg veit at eg toler heilt fint. Eg hadde lese om dette garnet på førehand, og mange stader stod det at det har ein tendens til å sige når ein strikka store plagg av det. Det var derfor lurt å gå ned ein pinnestorleik, stod det. Som lese, så gjort. Eg la glad og fornøgd opp og strikka i veg utan ei einaste bekymring. Då eg hadde kome omlag 40 cm oppover på bærestykket, kom eg plutseleg på at eg kanskje skulle sjekke storleiken. Akk o ve! Den einaste som kunne pressa seg inn i dette plagget, var ei svært anorektisk Barbie....

Det var berre ein ting å gjere. Eller, det var to ting å gjere. Fyrst kom det nokre gloser som ikkje eignar seg på trykk, deretter rekte eg opp att heile jakka. Dette var tredje juledag, og juledepresjonen senka seg over heimen i ein halvtimes tid. Som de ser, så er ikkje akkurat mønsteret noko ein strikkar med eit halvt auge på arbeidet mens George Clooney eller liknande er smurt utover tv-skjermen. Derfor gjekk eg i gong med målband, kalkulator og gamle matematikkunnskapar før eg sette i gong på nytt. For to dagar sidan blei knappane sydd i, og ein ny favoritt er klar til bruk.

Nokre av det eg likte best ved jakka, var at halskanten blei til saman med resten av bærestykket. Når eg kjem så langt at eg er ferdig med dei store delane, så har eg lyst til å få jakka saman så fort som mogeleg. Då er det ikkje alltid at motivasjonen til å strikke kantstykke er direkte påtrengjande. Kanten er litt stram no, men eg reknar med at han gjev litt etter når eg berre får brukt jakka litt. 

Mansjetten nederst på jakka er strikka i eit stykke fyrst. Deretter plukka eg opp masker på sida av mansjetten, vrengde ermet med innsida ut og strikka glattstrikk. Det stod eigentleg at ermet skulle strikkast i eitt stykke og syast saman til slutt, men slikt brukar eg å oversjå glatt som berre det. 

Etter fyrste gongs bruk er konklusjonen at jakka er veldig mjuk, varm og god. Ho sit akkurat, så eg trur at det er rom for at ho kan sige ørlite utan at ho ser ut som ein sekk på meg.

Og neste prosjekt? Jau, det er omtrent halvferdig. Strikkepinnane går fortare enn tastaturfingrane. God vinterferie til dei som har det! Denne lektoren har vinteravspasering, og sjølv om rettebunkane ligg i kø, så blir det også litt tid til strikking. 




søndag 2. februar 2014

Gammal travar til ny mann i livet

Når det dukkar opp ein ny mann i livet mitt, så byrjar det å klø i strikkepinnefingrane mine. Derfor blei det tidleg klart at julegåva dette året kom til å vere av ull. Det er best å gje han slike gåver før han blir så stor at han kan legge ned protest...

Valet fall på ein gammal travar. Denne har eg strikka til to venninner av meg, og eg strikka han også då eg fekk tittelen grandtante for eit års tid sidan. Eg veit at dressen er god og varm, og han veks med ungen fordi han har eit tøyeleg strukturmønster. Han er altså perfekt for ein aktiv, liten tass.

Dressen blei levert med ein ekstra knapp festa med ein tråd til kragen. Sidan den vesle mannen bur på ein annan kant av landet, kan det vere greitt å ha ein knapp på luringa viss uhellet skulle vere ute. Eg brukar også å legge ved resten av eit nøste dersom det skulle bli behov for litt ekstra garn ein gong.

































Det blei også garn nok til ei lue. Denne trur eg kjem til å varme godt. Ho har dobbel kant og relativt store øyreklaffar, så ho bør halde både øyre og hovud gode og varme. Viss de lurer på korleis eg har strikka snorene, så er teknikken slik: Legg opp 4 masker, eventuelt plukk opp/fell ned til 4 masker (slik som eg har gjort nederst på øyreklaffane). Strikk dei 4 maskene rett. Skyv maskene over på den andre kanten av pinnen og strikk dei att. Ein strikkar altså dei 4 maskene rett frå same sida på kvar pinne. Dette betyr at det blir litt mellomrom i kanten, men når snora er ferdig og ein dreg i henne, vil det jamne seg pent ut.














Eg håpar dressen kjem til nytte og blir utsliten.