fredag 31. august 2012

Strikkeblogger.no

Ein vanleg dag startar gjerne med ein sveip innom facebook på mobilen. Deretter går turen til strikkeblogger.no for å sjå om det skjer noko interessant på strikkefronten rundt omkring. Strikkeblogger.no er eit samlingspunkt for strikkebloggar, dvs mange strikkebloggar samla på ein plass. I staden for å surfe rundt på utallige bloggar for å sjekke kva som er nytt og kven som har oppdatert, kan eg berre følgje med på strikkeblogger.no. Praktisk og tidssparande! No er eg også med, så mine innlegg kjem heretter til å kome på eigen blogg og på strikkeblogger.no omlag samtidig. Ulempa med dette er sjølvsagt at nettlesaren min er full av bokmerke til sider med idéar, og at eg nok bør vere strikkefør til eg blir omlag 99 viss eg skal kome i mål med alle planane mine....

Kva skjer så hos Strikkerska for tida? Jau, gemalen har kjøpt knappar til den raude jakka, så no er ho komplett. Slik ser ho ut på:


































Eg ser at eg nok laug litt i forrige innlegg. Ho er nok litt skreiv i fronten, men det får eg rette opp etter neste vask. Nedanfor er detaljar frå mønsteret.

































Fargane på bileta lyg litt, men for dei som måtte lure, så er det Drops Muskat i denne fargen eg har brukt. Oppskrifta er å finne her.

Mens eg venta på at gemalen skulle kjøpe knappar til jakka (praktisk med mann som jobbar i byen, slike får mange slags oppdrag), har eg slett ikkje tvinna tommeltottar. Eg hadde 4 nøste med Sandnes Mini Alpakka liggande, i ein nydeleg lillafarge. Planen var at dette skulle bli hals til meg sjølv til vinteren, men etter at eg hadde strikka litt av halsen, oppdaga eg at eg ikkje kunne ha dette garnet mot naken hud. Pga ein hudsjukdom er det berre nokre få ullgarnsortar eg kan bruke mot halsen utan å bli riktig festlig raudflammande, og Sandnes Mini Alpakka var dessverre ikkje ein av desse, sjølv om eg hadde håpa det.

Kva gjer ein så med 4 nøste ullgarn? Jau, ein startar på eit opp-ned-prosjekt igjen, som kan bli så langt som det blir med 4 nøste. Planen var å strikke ein vest som liknar på den som eg strikka til meg sjølv tidlegare i år. Spesielt interesserte kan sjå på innlegget frå 16. august. Eg har derfor atter ein gong hatt to tankar i hovudet samtidig. Eg brukar oppskrifta frå Sandnes til mønsteret på vesten, mens sjølve forma på vesten er utarbeidd etter denne, som har gått som ein farsott blant norske strikkebloggarar det siste halve året. Eg har rett og følgt ( i alle fall nesten) oppskrifta til str. large heilt til eg kom til der som ermane skulle skiljast frå bolen. Dette ser ut til å bli omtrent str. 8 år. Vidare framdrift kjem sjølvsagt i eit anna blogginnlegg. Eg reknar med at arbeidet veks ganske bra i løpet av helga. Biletet under viser status akkurat no. Neste gong skal eg strikke etter oppskrift. Trur eg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar