Viser innlegg med etiketten jakke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jakke. Vis alle innlegg

onsdag 19. februar 2014

Langtidsprosjekt

Tidleg i desember starta eg på eit prosjekt eg visste kom til å ta lang tid, men at det skulle bli midt i februar før eg vart ferdig, hadde eg ikkje trudd. Det ferdige resultatet ser de på biletet under:

I oppskrifta, som de finn her, står det eigentleg at ein skal bruke garnet Lima, men sidan eg er usikker på om eg toler dette garnet, tok eg ikkje sjansen på å bruke det. Valet fall i staden på Merino Extra Fine, som er eit garn som eg veit at eg toler heilt fint. Eg hadde lese om dette garnet på førehand, og mange stader stod det at det har ein tendens til å sige når ein strikka store plagg av det. Det var derfor lurt å gå ned ein pinnestorleik, stod det. Som lese, så gjort. Eg la glad og fornøgd opp og strikka i veg utan ei einaste bekymring. Då eg hadde kome omlag 40 cm oppover på bærestykket, kom eg plutseleg på at eg kanskje skulle sjekke storleiken. Akk o ve! Den einaste som kunne pressa seg inn i dette plagget, var ei svært anorektisk Barbie....

Det var berre ein ting å gjere. Eller, det var to ting å gjere. Fyrst kom det nokre gloser som ikkje eignar seg på trykk, deretter rekte eg opp att heile jakka. Dette var tredje juledag, og juledepresjonen senka seg over heimen i ein halvtimes tid. Som de ser, så er ikkje akkurat mønsteret noko ein strikkar med eit halvt auge på arbeidet mens George Clooney eller liknande er smurt utover tv-skjermen. Derfor gjekk eg i gong med målband, kalkulator og gamle matematikkunnskapar før eg sette i gong på nytt. For to dagar sidan blei knappane sydd i, og ein ny favoritt er klar til bruk.

Nokre av det eg likte best ved jakka, var at halskanten blei til saman med resten av bærestykket. Når eg kjem så langt at eg er ferdig med dei store delane, så har eg lyst til å få jakka saman så fort som mogeleg. Då er det ikkje alltid at motivasjonen til å strikke kantstykke er direkte påtrengjande. Kanten er litt stram no, men eg reknar med at han gjev litt etter når eg berre får brukt jakka litt. 

Mansjetten nederst på jakka er strikka i eit stykke fyrst. Deretter plukka eg opp masker på sida av mansjetten, vrengde ermet med innsida ut og strikka glattstrikk. Det stod eigentleg at ermet skulle strikkast i eitt stykke og syast saman til slutt, men slikt brukar eg å oversjå glatt som berre det. 

Etter fyrste gongs bruk er konklusjonen at jakka er veldig mjuk, varm og god. Ho sit akkurat, så eg trur at det er rom for at ho kan sige ørlite utan at ho ser ut som ein sekk på meg.

Og neste prosjekt? Jau, det er omtrent halvferdig. Strikkepinnane går fortare enn tastaturfingrane. God vinterferie til dei som har det! Denne lektoren har vinteravspasering, og sjølv om rettebunkane ligg i kø, så blir det også litt tid til strikking. 




søndag 15. desember 2013

Lilla jakke

I takt med at små folk veks, må det produserast nye strikkakle. Denne gongen var det strikkajakker i bomull det var ganske tomt for i skapet. Bestillinga inneheldt orda "lilla" og "hull her og der", og etter litt leiting i diverse oppskrifter, bestemte bestillaren seg for jakka på biletet under.

Jakka heng for øvrig over ein av stolane som bestefaren min laga då han og bestemora mi gifta seg rundt 1940. Tenk for eit arbeid! Dette er kvalitet av beste slag.


Strikkearbeidet blei med på ein tur til sydlegare strok, og Strikkerska må ha vore litt i koma, for fyrst då ho kom heim, oppdaga ho at det ikkje skulle vere rillestrikk nederst på jakka, men glattstrikk. Gjort er gjort og spist er spist, og så lenge ikkje bestillaren får kloa i oppskriftsheftet, så lever ho lukkeleg uvintande om dette.

Detalj frå utsmykkinga på stolane.













Og jakka, ho passar like godt til prinsessekjole som til dongeri, seier bestillaren.


søndag 8. desember 2013

Blå ulljakke

Sidan eg ikkje toler å ha enkelte garnsortar rett på huda, er eg stadig på jakt etter garn som eg toler. Eg vil så gjerne kunne ha på meg strikkakle utan å måtte ha langerma genser på meg under, og det siste prosjektet er derfor strikka i BabyAlpaca Silk frå Garnstudio. Oppskrifta på jakka under finst her.






















Eg er ikkje av det spesielt tolmodige slaget. Viss eg skal sjå på TV, så har eg alltid strikketøy i fanget. Slik er det også når eg er passasjer i bil. Denne jakka er derfor svært multikulturell, ho er stort sett strikka i bil eller på ulike hotellrom gjennom Europa. Eg la opp på Lundamo, hadde henne med gjennom Polen, inn i Tsjekkia og nordover att til Tyskland, før den siste maska blei strikka på båten mellom Puttgarden og Rødbyhavn.






















Jakka har rundfelling og rillestrikka bærestykke. Ho er god og varm, og eg toler henne fint på huda. Dette garnet kjem eg nok til å bruke att. Det er så tynt at ein ikkje blir kokt om ein har det på innandørs, og det er mjukt og deilig mot huda. Ein ny favoritt!


søndag 24. november 2013

Barselgåve

Av og til dukkar det opp små menneske som treng varme klede. No i haust skjedde det igjen - og dermed kom også eit høve til å få brukt opp noko garn eg hadde liggande. Eg let meg inspirere av den enkle jakka til Pickles og la i veg med garn og strikkepinnar. Eg hadde ein idé om at eg strikka på ei jakke i 6 månadersstorleik, men akk, sjølv ein erfaren strikkar kan ta sørgjeleg feil. Etter at jakka var ferdig, innsåg eg at det halvtårsgamle barnet som får denne jakka på seg, neppe kan klare å puste.













Del to av planen gjekk derfor litt i vasken, og eg måtte begynne å leite etter oppskrifter på luer og sokkar i storleik 1 månad. Eg kom over fleire hjelmluer av denne sorten på nettet, og etter nokre tilpasningar, blei altså resultatet slik:















Sokkane fann eg oppskrift på her. Desse har eg strikka fleire gonger, og dei sit svært godt på foten.
















Her er heile settet. Velkomen til verda, vesle mann! Eg håpar du held deg god og varm.