tirsdag 26. mars 2013

Resteprosjekt 2

Summen av alle laster er konstant, har eg høyrt. Nokre av oss drikk for mykje pappvin, nokre et for mykje sjokolade, og nokre handlar for mykje ullgarn. Av og til må ein derfor ta seg litt i nakken og sørge for at det ikkje kjem fleire nøste inn i garnkassen enn det går ut. Det er bakgrunnen for den siste kreasjonen. Eg kjøpte inn eit ekstra nøste med raudt garn for å ha ein grunnfarge, og så gjekk eg i gong med halslinninga og arbeidde meg nedover. Mottakaren visste at det kanskje kom til å bli ein vest, kanskje ein lang vest, eller kanskje ein tunika. Tida fekk vise. Ho ville ha "myttji mønster og kanskje nånn hjærta" - elles var det fritt fram.

Og eg skal love deg at det  blei "myttji mønster". Då eg starta, hadde eg absolutt ingenting av mønsteret klart, så det blei til etter kvart. Eg henta litt herifrå og derifrå - kva skulle ein vel gjort utan Google?
 
































Her er det ferdige produktet; ein kjole som går nesten ned til kne. Og mottakaren? Jau, ho er glad i glade fargar, så ho er strålande fornøgd.

Kva skal eg så gjere etter at 7-8 nøste er renska ut frå garnlageret? Ta ein Snickers, kanskje?







mandag 18. mars 2013

Resteprosjekt

Utgangspunktet var fire nøste med Sandnes Mini Alpakka som hadde vore del av eit tidlegare prosjekt. Det brune nøstet blei venleg, men bestemt plukka ut av haugen av ho som skulle ha plagget, og dermed låg det att tre nøste i lilla- og rosafargar. Bestillinga var som følgjer: Lang hals, skulle gå to gongar rundt, gjerne hekla, trong ikkje å ha symmetrisk mønster.

Puh! Takk for lov for den siste delen av bestillinga! Når Strikkerska skal lage restegarnprosjekt, så er det ein fordel om restegarnet faktisk blir brukt opp. Nokre gonger endar slike prosjekt med at ein må kjøpe til eit nøste eller to ekstra, og dersom ein er riktig "heldig", så har ein kanskje att meir garn enn når ein starta. Kjent sak? Jepp. Her var det berre å setje i gong, og det uttalte målet var å få mest mogeleg ut av kvart nøste.

Korleis planlegg ein så eit slikt prosjekt? Jau, ein finn eit mønster som ein kan ta sånn nokolunde utgangspunkt i. Eg hadde sjølvsagt mykje tynnare garn, så det blei ein runde med kalkulatoren, eit par gonger med opprekking og nokre kreative gloser før eg hadde funne ei lengde som eg trudde passa. Deretter var det fram med teiknepapir og kjøkenvekt. Kjøkenvekt, seier du? Jepp. Sleng nøstet på vekta, noter (eller hugs, om du er litt flinkare til å hugse enn Strikkerska), hekle ein omgang og sleng nøstet på vekta igjen. Dra fram barneskulematematikken og rekn ut kor mange omgangar du kan hekle før det er aldeles tomt.


















Her er resultatet. Det tok også denne gongen under 3 minutt før plagget hang på mottakaren.
















Og sidan har det hange der både titt og ofte.













Eg høyrde til og med mottakaren kvitre om denne halsen her om dagen. "Å, herren va kjæmepego! Kan æ få en til? Samma garnet, men berre litt lenger? Pliiis??!?". Saka er oppe til vurdering. Truleg kjem han inn på langtidsplanen.



søndag 3. mars 2013

Verdas beste tøflar

Viss du ringer på hos Strikkerska ein varm sommardag, så er sjansen stor for at du treffer henne iført shorts og skinntøflar. Ja, du las rett. Shorts og skinntøflar. Nokon (les: alle andre) i familien synest sjølvsagt at dette er både komisk og beint fram merkeleg, men sånn er det berre. Har ein dårleg termostat frå anklane og ned, så har ein det.

Strikkerska har derfor slite ut fleire par med verdas beste tøflar dei siste åra. Ho kjøper dei frå Hellandsjø skinnsøm, som har ein veldig praktisk nettbutikk. Dei er varme og gode, dei toler ein kort tur på litt fuktig underlag, og så er dei ikkje glatte.

















Fleire yngre familiemedlemmar har også fått desse tøflane, utan å direkte slite dei ut. Her i huset blir tøflar brukt litt etter innfallsmetoden av dei som enno ikkje kan stemme ved kommunevalet. Strikkegemalen har vel aldri nokon sinne vore kald på beina, så det er større fare for fred i Midtausten enn for tøflar på dei mannebeina.

For nokre dagar sidan blei det ytra ønske om skinntøflar frå ein av dei håpefulle. Med tanke på at tidlegare innkjøpte skinntøflar gjerne har vansmekta plitt mutters åleine inst i eit kleskåp i månader av gongen, så blei søknaden venleg, men bestemt avslått. Derimot vakna garnnøsteinnehavaren, så den håpefulle fekk tilbod om ekte, heimestrikka tovatøfler som eit lite kompromiss, noko han kunne gå med på. 

Her er resultatet. Desse er strikka av Cortina Soft, og oppskrifta er henta frå eit hefte eg røska med meg på Spar Kjøp. For å tove dei har eg brukt eit 45-minutts normalprogram på vaskemaskina og vaskepulver frå Coop.

































Tøffelproduksjonen utløyste sjølvsagt den sedvanlege: "Ææ å vil ha!" Dette paret er strikka i Naturgarn frå Spar Kjøp.

































 Ei rask samanlikning av desse to para med eit som eg har laga for lenge sidan, viser at dei to fyrste loar ganske mykje. Det siste paret er strikka i Fritidsgarn, så det er vel kanskje slik at ein får det ein betaler for...

































 Og for dei som måtte lure: Nei, eg er ikkje sponsa av tøffelprodusenten. Eg er berre kald på føtene.