Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg

søndag 20. april 2014

Tøffel-sjølfi

For ei stund sidan publiserte Strikkerska eit innlegg om to par tovatøfler som dessverre ikkje blei fotograferte før dei blei pakka inn i julepapir og gjevne bort. Eigarane av tøflene var svært positive til oppmodinga om å sende Strikkerska eit bilete av tøflene, men ting tek som kjent tid. Derfor har desse bileta godgjort seg ganske lenge på harddisken til Strikkerska før ho endeleg fekk ein idé om at ho skulle skrive eit nytt innlegg.

Her ser de altså dei ferdige produkta. Tøffelpar nr. 1 slappar av heime i godstolen:


















Tøffelpar nr 2 er med på jobben. Det blir truleg ganske dyktig til å analysere temmeleg kompliserte setningar etter kvart.

















Strikkerska må dessverre melde om at dei som les denne bloggen av og til, ikkje gjer klokt i å halde pusten mens dei ventar på neste innlegg. Grunnen til dette er at Strikkerska dessverre har strikka på seg ein hardnakka senebetennelse i venstre handledd og tommelfinger, og pinnearbeidet må derfor reduserast til eit minimum. Heldigvis er Strikkerska godt over snittet glad i bøker, så for å unngå å bli sprø av strikkeabstinensar har ho no grave seg djupt ned i bokverda. Ho kjem ut når tommelen gjev klarsignal.

lørdag 4. januar 2014

Påskejuletøflene som aldri blei dokumentert ferdig

Nokon som kjenner meg godt, vil nok seie at eg er litt over snittet glad i planlegging. Eg presenterer difor her påskesysselen for 2013: julegåver til to damer som er svært trivelege å vere saman med.


Utganspunktet er ganske kjedeleg. To par tova tøfler laga av garn og oppskrift frå SparKjøp. Spør meg ikkje kva for garn, dette er jo mange månader sidan.




Men desse damene kan knappast karakteristerast som kjedelege damer. Sjølv om typiske diskusjonstema på dei treffa vi har, er syntaks og rettskriving, så er dei altfor fargerike til å få noko så kjedeleg som einsfarga tovatøfler til jul.




Derfor: Voila! Restegarn frå mange andre prosjekt. Ei heklenål og ei oppskrift eg fann på nettet ein stad.

















Men korleis tøflene blei til slutt, det er det berre mottakarane som veit. Eg har som prinsipp at eg aldri skriv blogginnlegg om gåver som ikkje er gjeve bort enno, og då eg skulle til å skrive dette innlegget, oppdaga eg at eg ikkje hadde nokon bilete av dei ferdige tøflene. Alle fekk 3 roser i ulike fargar på vrista, og eg håpar dei kan både varme og live opp på dagar som av ein eller annan grunn er grå og hustrige.

Kanskje er mottakarane også så greie at dei knipsar eit bilete av føtene sine og sender til ho som ikkje var så veldig god på planlegging likevel?