søndag 31. januar 2016

Rop om hjelp

Med den kalde hausten kom det høglydt bod om kalde fingrar om eit rop om hjelp. Her hasta det, så det var berre å hive seg over pinnane. To trådar babyull saman blei enkle, men varme vottar, og krisa var avverga.

















Oppskrift? Nei, strikka på gefühlen og med den fingerkalde disponibel for prøving av og til. Passar perfekt i år. Neste år blir det nok trong for nye.


søndag 17. januar 2016

Restestrikk

Garnet som blei testa tidlegare i år, fekk absolutt bestått, så dette kjem eg nok til å bruke meir av. Blandinga av merinoull og bomull gjer at genseren blir akkurat passe varm, og dessutan hindrar bomullen at garnet sig.

Som vanleg hadde eg kjøpt eit par nøste ekstra, klok av skade frå andre katastrofer der eg har fått for lite garn og ikkje klart å skaffa same innfarging etterpå. Noko måtte desse einslege nøsta brukast til, og denne gongen blei det til ein hals (eller buff om du vil).


Observarnte lesarar vil sjå at det slett ikkje er midt på vinteren i Trøndelag. Som vanleg ligg eg ørlite etter med blogginga. Vinterbileta er venta ein gong rundt jonsok. :-)