onsdag 19. februar 2014

Langtidsprosjekt

Tidleg i desember starta eg på eit prosjekt eg visste kom til å ta lang tid, men at det skulle bli midt i februar før eg vart ferdig, hadde eg ikkje trudd. Det ferdige resultatet ser de på biletet under:

I oppskrifta, som de finn her, står det eigentleg at ein skal bruke garnet Lima, men sidan eg er usikker på om eg toler dette garnet, tok eg ikkje sjansen på å bruke det. Valet fall i staden på Merino Extra Fine, som er eit garn som eg veit at eg toler heilt fint. Eg hadde lese om dette garnet på førehand, og mange stader stod det at det har ein tendens til å sige når ein strikka store plagg av det. Det var derfor lurt å gå ned ein pinnestorleik, stod det. Som lese, så gjort. Eg la glad og fornøgd opp og strikka i veg utan ei einaste bekymring. Då eg hadde kome omlag 40 cm oppover på bærestykket, kom eg plutseleg på at eg kanskje skulle sjekke storleiken. Akk o ve! Den einaste som kunne pressa seg inn i dette plagget, var ei svært anorektisk Barbie....

Det var berre ein ting å gjere. Eller, det var to ting å gjere. Fyrst kom det nokre gloser som ikkje eignar seg på trykk, deretter rekte eg opp att heile jakka. Dette var tredje juledag, og juledepresjonen senka seg over heimen i ein halvtimes tid. Som de ser, så er ikkje akkurat mønsteret noko ein strikkar med eit halvt auge på arbeidet mens George Clooney eller liknande er smurt utover tv-skjermen. Derfor gjekk eg i gong med målband, kalkulator og gamle matematikkunnskapar før eg sette i gong på nytt. For to dagar sidan blei knappane sydd i, og ein ny favoritt er klar til bruk.

Nokre av det eg likte best ved jakka, var at halskanten blei til saman med resten av bærestykket. Når eg kjem så langt at eg er ferdig med dei store delane, så har eg lyst til å få jakka saman så fort som mogeleg. Då er det ikkje alltid at motivasjonen til å strikke kantstykke er direkte påtrengjande. Kanten er litt stram no, men eg reknar med at han gjev litt etter når eg berre får brukt jakka litt. 

Mansjetten nederst på jakka er strikka i eit stykke fyrst. Deretter plukka eg opp masker på sida av mansjetten, vrengde ermet med innsida ut og strikka glattstrikk. Det stod eigentleg at ermet skulle strikkast i eitt stykke og syast saman til slutt, men slikt brukar eg å oversjå glatt som berre det. 

Etter fyrste gongs bruk er konklusjonen at jakka er veldig mjuk, varm og god. Ho sit akkurat, så eg trur at det er rom for at ho kan sige ørlite utan at ho ser ut som ein sekk på meg.

Og neste prosjekt? Jau, det er omtrent halvferdig. Strikkepinnane går fortare enn tastaturfingrane. God vinterferie til dei som har det! Denne lektoren har vinteravspasering, og sjølv om rettebunkane ligg i kø, så blir det også litt tid til strikking. 




1 kommentar:

  1. Utrolig flott jakke! Jeg kjenner at alle de flettene hadde vært for mye for meg...

    SvarSlett