onsdag 25. mai 2016

Gult er kult

Denne genseren er resultatet av eit garnsal og av lysta på ein genser i ein glad farge. Dessutan fekk eg prøve eit garn eg ikkje har prøvd før. Oppskrifta finn du på Garnstudio sine sider, og garnet er Paris. 100% bomull og 17 masker per 10 cm.


































Genseren er strikka ovanfrå og ned, noko eg likar svært godt fordi eg då får høve til å sjekke passforma undervegs. Sidan garnet er så tjukt, gjekk det veldig fort å strikke han. Mesteparten er faktisk strikka på flyet mellom Europa og USA mens eg såg film på skjermen ombord.














Kva eg synest om genseren og garnet? Den observante lesaren ser nok at det er haust på biletet. Då vi kom tilbake frå USA, kom den kalde årstida i fullt mon, og sidan genseren er så utringa som han er, blei han ikkje brukt så mykje gjennom vinteren. No er kanskje trøndervinteren over, så no har han kome fram att. Han er god å ha på, men eg har ei kjensle av at garnet ikkje held seg fint så veldig lenge. Det virkar som at det sig litt, og det nuppar også ein del. Tida vil vise. Uansett er det vel slik at ein får det ein betaler for, så nokon genser som eg kunne bruke i årevis hadde eg ikkje rekna med at dette blei.