mandag 14. januar 2013

Å vekse opp på restegarn

No er det ikkje slik at eg brukar å fore dei små med restegarn, altså. Det er berre det at restegarnet må brukast til noko fordi det har ein tendens til å formeire seg så frykteleg på kort tid. Eg skjønar at det har ein samanheng med hangen min til å kjøpe ein heil pakke med garn om gongen for å få nok, og då blir det alltids noko til overs. Ofte blir det spedd på med enno meir for å få laga noko av restegarnet, og det har til og med hendt at eg har sete att med meir restegarn etter eit slikt prosjekt. Sukk!

Etter kvart innsåg eg at noko måtte gjerast med dette, og det geniale er å strikke såkalla "top down", for då kan ein felle av når ein er tom for garn. Observante lesarar har sikkert oppdaga at dette er noko eg har hatt litt dilla på dei siste månadane (og ja, ein kan faktisk bøye månad slik på nynorsk no). Etter fleire rundar med googling, kom eg for fyrste gong over Ravelry. For dei som enno ikkje veit kva det er, så er det ein nettstad der ein kan finne/dele/selje/kjøpe oppskrifter. Det er absolutt verdt å ta ein tur inn dit. I USA har dei skjønt dette med "top down", så på Ravelry finst det mange oppskrifter der ein startar oppe på arbeidet. Denne teknikken er også fantastisk for dei som ikkje er så glad i å sy i ermar, og dei er det mange av.

Men tilbake til dette med å bli oppfostra på restegarn. Viss ein er tildelt den lagnaden at ein er den minste, så er også sjansen størst for at ein får kle av restegarn. Denne gongen var det tre nøste med Muskat etter denne kjolen som var til overs, og sidan modellen er glad i korte jakker og enno meir glad i lilla, så rekna eg med at dette var supert. Her er resultatet:



















Jakka er strikka med eit halvt auge på ei oppskrift eg fann på Ravelry og med eit halvt auge på denne oppskriftsgeratoren. Har du lyst til å prøve deg på "top down", så finst det altså hjelp der ute. Du blir truleg hekta.

Dette blir truleg ikkje det siste innlegget om restegarn, for kista som eg lagrar det i, er i ferd med å bli litt for full. Eg har derfor eit mål om at eg ikkje skal kjøpe meir garn før eg har fått unna noko av det. Vi får sjå om eg klarar å unngå å ramle utpå. Eg tvilar. Fyrst må eg uansett strikke ferdig nokre prosjekt på korttidsplanen min. 

1 kommentar:

  1. Restegarn er ein skatt :) Kjempeflott jakke du har strikka! ( og heilt einig i alt det positive om både ravelry og top-down, det opnar seg ei ny verd!) ( og så fekk eg lyst å skrive nynorsk når eg las det, elles vert det alt for sjeldan :)

    SvarSlett