tirsdag 28. mai 2013

Riga-ull

Ein gong for 2-3 år sidan var eg på personalseminar i Riga. Det var slutten av november, og det var kaldt. I Noreg var det -13 grader, i Riga var det omtrent ti grader varmare, men det verka som om det var ti grader kaldare. Den kalde vinden frå tundraen gjekk verkeleg gjennom marg og bein, og eg skjønte etter kvart kvifor marknadene i Riga var fulle av vakre strikkakle. No brukar eg ikkje akkurat å kjøpe så mykje strikkakle, så marknadsdamene gjorde ikkje det særleg skarpt på meg den dagen. Eg valde heller å legge att nokre lats i den lokale garnbutikken. Der hadde dei jammen mykje fint!

For dei som er interesserte, så heiter butikken Hobbywool og er absolutt verdt eit besøk.






















Eg snappa med meg fleire nøste med Hobbywool, eit garn som verka både mjukt og godt då eg kjøpte det. Det har blitt til diverse småplagg i løpet av desse åra, mest til andre enn meg, fordi det viste seg at eg ikkje tålte garnet spesielt godt. 100% ull og problemhud er som regel ein dårleg deal. No låg det att eit nøste i garnkassa mi, og det passa i grunnen godt til lue til ei som er midt i tannfellinga. Eg trur kanskje ikkje at det er lua for dei aller kaldaste dagane, for dette garnet er tynt, men det er kanskje noko for ein middels trøndersommar... Eg er også litt spent på om garnet vil sige utover så lua blir altfor stor, men den tid, den sorg.

Oppskrift: eige hovud. Heklablomst: lært her. Vekt: i underkant av 50 gram. Mottakar: strålande fornøgd. 





tirsdag 14. mai 2013

Bonus!

Når ein er litt over snittet interessert i strikking, er det av og til vanskeleg å halde seg i skinnet. Planar og prosjekt står i kø i hovudet, og regelmessig surfing på ulike bloggar og andre nettforum gjer ikkje akkurat lista kortare. Det tok derfor litt tid før ei av dei beste julegåvene i fjor kom inn på planen, men no er plagga klare til å brukast. Eller - vi får for all del håpe at dei blir liggande aldeles ubrukt i nokre månader enno.

















Gåvegjevaren bakar verdas beste sjokoladekjeks, er ein racer med symaskina og grueleg flink til å analysere setningar. Av og til hjelper ho faktisk Strikkerska viss ho slit med å analysere veldig kompliserte setningar, for Strikkerska treng å friske opp litt gamle kunstar før dei susar inn i gløymeboka. Strikketøy er ikkje gåvegjevaren så veldig opptatt av, så vidt Strikkerska veit. Ho har i alle fall aldri sett henne strikke, og det er nok derfor ho trudde at dette var veldig kompliserte pulsvarmarar.


 No skal ein vere litt forsiktig med å skuffe nære vener, så Strikkerska håpar at ingen fortel gåvegjevaren at dette ikkje var spesielt komplisert. Ikkje utløyste prosjektet banning, og blodtrykket var relativt stabilt gjennom heile strikkeprosessen. Men om dei ikkje var spesielt kompliserte, så blei dei jammen fine!




















 Nokon har sagt seg villig til å stille som handmodell i dag, slik at Strikkerska sine lesarar kan få sett nærmare på pulsvarmarane. Observante strikkarar vil vel sjå at Strikkerska ikkje har laga kanten akkurat slik som biletet i oppskrifta, men det har vel omtrent aldri skjedd at eit mønster blir fulgt til punkt og prikke her i huset...






















Etter at pulsvarmarane var ferdige, var det forunderleg mykje garn att. Det stod i oppskrifta at det skulle gå med 100 gram Sisu til eit par pulsvarmarar, men det må anten vere ein trykkfeil eller litt ruskete omgang med matematikk. Ein kjapp runde med garnet på kjøkkenvekta avslørte at det var meir garn att enn Strikkerska hadde brukt. Kunne det halde til eit par vottar med same mønster? Strikkerska har ein tendens til å bli litt kald på fingrane, og mønsteret var så fint, så eit par vottar ville vore aldeles glimrande.





















Etter nokre timar med hjartet i halsen og kjøkkenvekta på bordet framom seg, kunne Strikkerska puste letta ut. Det blei nok garn til vottar også. Så no veit de det - viss de får lyst til å strikke desse pulsvarmarane, så kan de like godt kline til med eit par vottar samtidig også.

Vottane blei dampa, fotografert og forsøkt smugla ned i ei trådkorg i gangen, men nokre som er midt i tannfellinga har verkeleg auge i nakken! "Å, så fine votta! Kan æ å få sånnre??" Sukk.