tirsdag 27. august 2013

Star Wars

For 3 år kom følgjande bøn frå ein kar eg kjenner godt: "Æ ønske mæ en Star Wars-genser, æ." Svaret han fekk var: "Seier du det, ja. Det skal vi sikkert få til." Inne i hovudet var reaksjonen meir sånn: "Good Lord, kva har eg lova no, korleis i all verda skal dette gå?" Den vesle karen toler ikkje ull direkte mot huda, så det var allereie klart at genseren skulle strikkast i bomull. Nokon annan plan hadde eg ikkje.


Eit omfattande søk på Ravelry og andre nettstader gav ikkje noko treff på Star Wars-genser. Ergo måtte genseren bli til utan oppskrift. Heldigvis fann eg ein del mønsterdiagram med Star Wars-mønster her og der, og dei pusla eg saman så godt eg kunne. Sjølve logoen fann eg ikkje noko mønster på, så han laga eg sjølv ved hjelp av Excel, eit bilete og litt kreativ språkbruk. Nød lærer naken kvinne å spinne. Eller å teikne.

















Bestillaren av genseren hadde ganske klare idéar kva som skulle være med av mønster. Lyssverd var viktig. Veldig viktig. Desse kvite figurane (som eg ikkje anar kva heiter - beklager til alle Star Wars-fans der ute...) måtte også vere med.

















"May the force be with you" kjem ein sjølvsagt ikkje utanom.

















Slik ser den ferdige genseren ut. Tilleggsutstyret er også klart, som de ser.

































Og slik ser genseren ut på baksida.

















Som de ser på bileta, blei genseren strikka ganske stor. Han er framleis i bruk i dag, også ein del takka vere garnet. Eg strikka han med Mandarin Classic (trur eg), og det har sige ganske mykje, så han har i alle fall ikkje blitt mindre. Hadde eg skulle strikka genseren i dag, hadde eg nok valt Mandarin Petit i staden. Eg trur likevel ikkje at han blir strikka fleire gonger. Store deler av mønsteret nederst på bolen har 3 trådar samtidig, og sidan eg ikkje klipte opp for ermar, blei mønsteret både på brystet og skulderparteiet strikka fram og tilbake. Eg hadde skuldrane oppe ved øyrene då eg var ferdig, men kva gjer ein ikkje for små, sjarmerande karar med bedande auge?

mandag 5. august 2013

Småkle

Å vere tante er stas. Å bli tante er også bra for garnlageret. Endeleg har det dukka opp nokon som er så liten at ein kan få til noko fornufig av restegarn som vansmekta sidan årtusenskiftet!

















Når ein er ein liten kar, kan det vere greit med klede som er varme og gode, sjølv om ein blir fødd når det går mot sommar. Sjølv om vêret ute er bra akkurat i skrivande stund, kan eg hugse mange og lage klager på 12 grader og ausande regnvêr for ein månads tid sidan. Det er best å vere budd.






















Vottane er strikka på måfå og gammal erfaring, mens oppskrifta på lua er henta her. Denne lua kan fort bli ein favoritt, kjenner eg. Ho var lettstrikka og fin, og ho ser ut til å sitje godt på hovudet.















Så til slutt eit par ullsokkar. Dei blir nok passe når tassen ein gong får eigne støvlar og skal ut og kjenne på 12 grader og ausande regnvêr.