tirsdag 9. april 2013

Det store tovemysteriet

Votteprosjekt nummer ein. To nøste Cortina soft, oppskrift i eige hovud. Strikka ferdig i ein fei og slengt i vaskemaskina. Kom ut att for store, men blei perfekte etter neste runde. Alt vel, mottakar strålande fornøgd.

















Votteprosjekt nummer to. Tre nøste restegarn av Cortina soft, same oppskrift. Strikka ferdig i ein fei og slengt inn i vaskemaskina på same program som sist. Rekna med at desse også måtte ha to omgangar. Kom ut at FOR SMÅ etter berre ein runde. Er det mogeleg? Sukk!

















Strikkerska har heldigvis vore ute ein vinterdag før, så litt vatn og ei tresleiv gjer nytta denne gongen her.

















Votteprosjekt nummer tre. To nøste Ullteppegarn og blånisseoppskrift frå årtusenskiftet. Strikka ferdig og tova på same program.

















Perfekt resultat.




















Ungen er godt utstyrt til neste sesong. Skjønt - med dette tempoet på snøsmeltinga så treng vi dei kanskje til barnetoget midt i mai...