fredag 31. august 2012

Strikkeblogger.no

Ein vanleg dag startar gjerne med ein sveip innom facebook på mobilen. Deretter går turen til strikkeblogger.no for å sjå om det skjer noko interessant på strikkefronten rundt omkring. Strikkeblogger.no er eit samlingspunkt for strikkebloggar, dvs mange strikkebloggar samla på ein plass. I staden for å surfe rundt på utallige bloggar for å sjekke kva som er nytt og kven som har oppdatert, kan eg berre følgje med på strikkeblogger.no. Praktisk og tidssparande! No er eg også med, så mine innlegg kjem heretter til å kome på eigen blogg og på strikkeblogger.no omlag samtidig. Ulempa med dette er sjølvsagt at nettlesaren min er full av bokmerke til sider med idéar, og at eg nok bør vere strikkefør til eg blir omlag 99 viss eg skal kome i mål med alle planane mine....

Kva skjer så hos Strikkerska for tida? Jau, gemalen har kjøpt knappar til den raude jakka, så no er ho komplett. Slik ser ho ut på:


































Eg ser at eg nok laug litt i forrige innlegg. Ho er nok litt skreiv i fronten, men det får eg rette opp etter neste vask. Nedanfor er detaljar frå mønsteret.

































Fargane på bileta lyg litt, men for dei som måtte lure, så er det Drops Muskat i denne fargen eg har brukt. Oppskrifta er å finne her.

Mens eg venta på at gemalen skulle kjøpe knappar til jakka (praktisk med mann som jobbar i byen, slike får mange slags oppdrag), har eg slett ikkje tvinna tommeltottar. Eg hadde 4 nøste med Sandnes Mini Alpakka liggande, i ein nydeleg lillafarge. Planen var at dette skulle bli hals til meg sjølv til vinteren, men etter at eg hadde strikka litt av halsen, oppdaga eg at eg ikkje kunne ha dette garnet mot naken hud. Pga ein hudsjukdom er det berre nokre få ullgarnsortar eg kan bruke mot halsen utan å bli riktig festlig raudflammande, og Sandnes Mini Alpakka var dessverre ikkje ein av desse, sjølv om eg hadde håpa det.

Kva gjer ein så med 4 nøste ullgarn? Jau, ein startar på eit opp-ned-prosjekt igjen, som kan bli så langt som det blir med 4 nøste. Planen var å strikke ein vest som liknar på den som eg strikka til meg sjølv tidlegare i år. Spesielt interesserte kan sjå på innlegget frå 16. august. Eg har derfor atter ein gong hatt to tankar i hovudet samtidig. Eg brukar oppskrifta frå Sandnes til mønsteret på vesten, mens sjølve forma på vesten er utarbeidd etter denne, som har gått som ein farsott blant norske strikkebloggarar det siste halve året. Eg har rett og følgt ( i alle fall nesten) oppskrifta til str. large heilt til eg kom til der som ermane skulle skiljast frå bolen. Dette ser ut til å bli omtrent str. 8 år. Vidare framdrift kjem sjølvsagt i eit anna blogginnlegg. Eg reknar med at arbeidet veks ganske bra i løpet av helga. Biletet under viser status akkurat no. Neste gong skal eg strikke etter oppskrift. Trur eg.


lørdag 25. august 2012

På strikkekøyret

Siste sting blei sydd på den raude jakka tidlegare i dag. Eg fekk nokre fleire fridagar enn eg hadde tenkt no dei siste to vekene, og dei har stort sett blitt brukt til strikking. Jakka har ein flott farge, og når eg berre får sendt avgarde gemalen for å kjøpe knappar til henne og hyra inn ein modell til fotografering, så skal ho presentast nærare. Enn så lenge får dette biletet duge. Eg må presisere at ho ikkje er så skeiv som ho ser ut til. Det er mogeleg at det hadde vore lurt å ta seg litt betre tid når produktet skulle fotograferast. Det er også mogeleg at det hadde vore lurt å koste av litt av rusket som smitta av frå golvet før ein knipsa...

















Og neste prosjekt? Gje meg tre minutt, så er det på pinnane.

torsdag 23. august 2012

Sommarens forsømte

Trondheim har hatt den verste sommaren sidan attenhundreogsveltihel. Hadde det ikkje vore for at vi har vore ein tur på sydlegare breiddegrader i juli, så hadde det vel stått dårleg til med D-vitaminlageret før vinteren. Når eg reiser til Syden, så er det sjeldan med strikka kle i bagasjen. Dels er det fordi dei tek ein del plass i kofferten, dels er det fordi dei av og til kan bli litt varme, og dels er det fordi eg ikkje vil ha solkrem på dei. Eg presenterer derfor to prosjekt frå i fjor, som i år har hamna i kategorien "forsømte og forvist til bakerst i kleskapet" - rett og slett fordi ermelause strikkatoppar ikkje er spesielt pene med ullundertøy under. Men neste år, kanskje? Eller så må dei rett og slett få bli med sørover likevel ved neste høve.


Brun topp i Mandarin Petit. Skulle hatt ein omgang med strykejernet, men slikt skjer berre til fest her i huset...






















Lilla topp i Mandarin Classic. Strikka i høve eit jubileum som viste seg å bli eit av høgdepunka i fjor. Definitivt ein av favorittane.






















Eit blikk på yr.no fortel meg at desse to mest truleg hamnar bakerst i kleskapet igjen no.

lørdag 18. august 2012

Multitasking

Då eg var omlag 7 år gammal, oppdaga eg gleda ved litteratur. Det starta med Bobseybarna og Frøken Detektiv og utvikla seg etter kvart vidare gjennom både norsk og utanlandsk litteratur. Etter kvart gjekk det som det måtte gå, Strikkerska blei norsklektor. Då eg var omlag 10 år, oppdaga eg strikking - og kombinasjonen av litteratur og strikking. Eg brukte å lese bøker samtidig som eg strikka, noko som stort sett gjekk aldeles glimrande. Denne vana har følgt meg heile tida sidan. Eg har faktisk strikka meg gjennom storparten av litteraturpensumet på universitetet - men aldri på lesesalen, ein stad går grensa sjølv for ein lidenskapleg strikkar! Det er mogeleg at dette er grunnen til at eg til slutt enda opp som syntaktikar... Likevel er det kanskje ikkje å anbefale å strikke svært komplisert mønster samtidig som ein les bøker. Unntaket er setesdalskofter, etter at ein har strikka 3-4 stk av dei, går dei stort sett på autopilot. Det er derfor glimrande at ermane på det nye prosjektet mitt er heilt glattstrikka. I dag blei derfor nokre timar brukt på terrassen, med eit erme og ei bok.


10 poeng til dei som klarar å finne ut kva for bok som var dagens val. Som eit hint kan ein vel seie at Strikkerska var i det postmodernistiske hjørnet i dag.

torsdag 16. august 2012

Lilla kjole ferdig

Etter 10 dagar med iherdig strikking blei den lilla kjolen ferdig. Så fort har eg ikkje strikka ferdig eit plagg på veldig lenge. Ein stor del av han blei strikka mens 86 mil fauk forbi på veg til og frå Vestlandet - ein ekte strikkar let jo ikkje eit slikt høve til å få strikka gå frå seg. No startar skuleåret att, og det betyr at det atter kjem til å dukke opp norsktekstar og historieprøver i store dungar, så det er lite truleg at tempoet på det neste prosjektet kjem til å bli så høgt.

Slik ser kjolen ut. Fargen stemmer ikkje heilt, han er litt mørkare enn biletet viser. Modellen er dessverre så skummamjølkbleik. Garnet er Muskat.



Eit anna prosjekt har også blitt ferdig denne veka. Dette er nok ein vest som er tenkt brukt på jobben sidan det av og til kan vere litt kjølig der. Vesten er strikka i Sandnes Mini Alpakka og har vore ferdig ei god stund. No i sommar blei det endeleg ein bytur, og på Sommer møtte eg ein av mine tidlegare elevar som straks viste meg kva slags knappar som var perfekt til denne. Observante lesarar vil sjå at plenen til Strikkerska skulle vore klipt, men ho er altfor oppteken med å strikke til å tenkje på det...



Eit nytt prosjekt er sjølvsagt allereie på pinnane. 20 nøste med Muskat i ein fantastisk raudfarge skal bli jakke etter kvart. Som de skjønar, så er Strikkerska i det egoistiske hjørnet for tida og strikkar berre til seg sjølv. Det går nok over etter kvart.

















Denne blir neppe ferdig på 10 dagar, for her er det mønster både frå retta og vranga. For dei som lurer, så er oppskrifta her.


torsdag 9. august 2012

Lita strikkekrise

Vestlendingen har reist til Vestlandet for å helse på slekt og vener. Strikketøyet er med. Alle dei 20 nøsta blei nøye pakka ned, fleire strikkepinnar kom opp i veska og endå 4 andre nøste blei også med i tilfelle kjoleprosjektet blei ferdig tidlegare enn eg trudde. Å gå tom for strikketøy er krise for ein erfaren strikkar, og neste prosjekt er alltid klart. I bilen til Vestlandet blei det eine ermet nesten ferdig, heilt etter malen frå det fyrste ermet. Etterpå var det bolen som stod for tur. Det var då Strikkerska oppdaga krisa. Strikkeoppskrifta ligg att på ei hylle i Trøndelag! Dette er fyrste gong i ei meir enn 30 år lang strikkekarriere at dette har skjedd, og brått blei gode råd dyre. Kva gjer ein no?

Takk og lov for bloggen! Heldigvis hadde eg lese gjennom oppskrifta eit par gonger, så eg visste omtrent kva som stod att. I dag har bileta blitt studerte nøye - takk og lov for zoom-funksjonen! Masker har blitt telt, hol har blitt telt, og eg har konkludert med at resten av kjolen blir til på gefühlen. Det går vel bra denne gongen også, det er trass alt ikkje fyrste gongen ein strikkar utan oppskrift.

Biletet under viser korleis kjolen ut i kveld. Den innleigde modellen trudde kanskje at ho kunne tenkje seg å tjuvlåne han ved eit høve.



mandag 6. august 2012

Kjole og to tankar i hovudet samtidig

Strikkerska har vore på garnsal. Akkurat det kjem neppe til å utløyse nokon nasjonal flaggdag, all den tid det skjer (altfor) ofte. Som så ofte før blei resultatet 20 nøste - som kanskje kunne bli til noko ein gong. Valet fall på lilla denne gongen, og garnet er Muskat. Kjøpte strikkerska med seg noko mønster? Nei. Det er då alltids så mykje fint å finne på Ravelry eller på Garnstudio, tenkte ho, som så mange gongar før...

For nokre dagar sidan kom strikkerska over ein kjole ho gjerne kunne tenke seg å strikke. Ho fann han i dette bladet her:






















Trendy stod det også at kjolen skulle vere, og det frista å vere trendy for ein gongs skuld. Ikkje såg kjolen ut til å vere spesielt vanskeleg å strikke heller, så dette burde gå heilt fint.






















Eit aber var at kjolen såg ut til å vere litt kort. Strikkerska er over dei tidene der så korte kjolar har nokon positiv effekt på henne eller omgjevnadene, så kjolen måtte definitivt strikkast litt lenger. Korleis skulle ein så løyse det problemet? Strikkerska hadde 20 nøste til disposisjon, mønsteret var til eit heilt anna garn, og strikkerska blei derfor litt redd for at dei 20 nøsta skulle bli for lite. Ingen er vel tent med ein kjole som går berre opp til brystbeinet. Strikkerska såg heller ikkje for seg at det kom til å bli særleg pent med ein korterma kjole, trendy eller ikkje. 






















Løysinga dukka plutseleg opp, rekande på ei fjøl, som ein gjerne seier på Vestlandet. På sin daglege vandring rundt på andre strikkebloggar, dukka det plutseleg opp ein teknikk som gjer at ein kan starte oppe på eit plagg i staden for nede. I tillegg til dette treng ein ikkje å sy i erma på plagget. Halleluja! Strikkerska var overbevist. Montering av erme på strikkeplagg er ikkje akkurat favorittsysslen, sjølv om Strikkerska skjønar at det må til. Her er ei lenke til ein genser som er strikka "top down". Genseren har forøvrig gått som ein farsott blant norske strikkebloggarar, har Strikkerska oppdag på si ferd på internettet.

Eit problem gjenstod. Kjolen måtte vere i det samme designet som i bladet. Det var då det var på tide å ha to tankar i hovudet samtidig. Kjolen blir altså til med eit blikk på mønsteret frå Ravelry og eit blikk på mønsteret i bladet. Denne gongen var Strikkerska glad for at strikkinga har vore ein kjær hobby i 30 år, for dette krevde litt tenking, rekning og spekulering.

Korleis ligg det så an med prosjektet. Jau, biletet under viser at det ser ut til å gå toleleg bra. Strikkerska har allereie prøvd på seg plagget slik som det er no, og det ser ut til å passe bra. Halskanten er strikka ferdig ganske tidleg for å sjå at breidda over skuldrane blei bra og at ermet blei passe langt. Heretter er det rein plankekøyring, trur eg. Eit erme til, og så vidare mønster nedover. Å lese ei oppskrift "opp-ned" er faktisk mykje mindre komplisert enn Strikkerska trudde, så dette bør gå bra. At masketalet på pinnen ikkje stemmer heilt med det som står i oppskrifta, at Strikkerska har tenkt å lage like felt rundt heile kjolen i staden for å sy att i sidene slik som på biletet, og at ho derfor må berekne felta nedover og aukingane for å få kjolen lenger, må vel også la seg løyse på eit vis.

Planen er at kjolen skal bli ferdig så tidleg at han kan brukast før hausten set inn. Sidan Strikkerska bur i Trøndelag, veit ho at det hastar.



torsdag 2. august 2012

Strikkerska presenterer nokre gamle prosjekt:

Stikkinga har vore min faste følgjesvein sidan eg var 10 år og arva ein søppelsekk med Skolegarn av ei lita, gammal dame som budde i eit lite, gammalt hus rett ved sida av meg. Lenge har eg tenkt på å starte min eigen strikkeblogg, og no er vi i gong. Det aller fyrste innlegget viser noko av det som eg strikka i løpet av våren.


Tunika/kjole med Marius-mønster til ei som er i den lilla fasen.


RBK-genser i Mandarin Petit til ein lidenskapleg RBK-fan eg kjenner.

Feriestrikking. Verdas beste kjøkenklutar. Strikka i restegarn, stort sett Mandarin Petit.


Ermelaus jakke. Strikka av restegarn. Starta oppe sjølv om oppskrifta sa at ein skulle starte nede. Fin måte når ein er usikker på kor mykje garn ein har, men krev akk så mykje tankeverksemd.


Kjole av restegarn, stort sett Mandarin Petit. Veldig rosa. Heldigvis kjenner eg nokon som er glad i rosa.


Ullvest til strikkerska. Då eg bytte jobb og kom frå ein gammal skule der ventilasjonsanlegget var frå før innføringa av parlamentarismen og til ein ny og moderne skule, blei det brått slutt på kjensla av at ein var midt i overgangsalderen. Det blei også slutt på å gå i T-skjorte eller tynn skjorte midt på vinteren. Strikkerska fraus på jobb for fyrste gong i sitt liv, og behovet for ein vest oppstod, sidan strikkerska veit at ho har ein tendens til å bli veldig varm viss ho får på seg ein ullegenser.


Og konklusjonen er: Ikkje ta bilete til bloggen med mobilen.