torsdag 19. februar 2015

Varme trompetistfingrar

Ein ung trompetist trong nye vottar - gjerne noko med musikktema. Eg var inne på tanken på å teikne mønster sjølv, men det trong eg slett ikkje. Passande mønster var å finne på nettet, så her var det berre å leite fram litt Falk frå den store kassa under trappa og gå i gong.


















I iveren over å kome i gong gløymde eg visst siste omgang på den fyrste borda etter vrangborden, men trompetisten såg berre dumt på meg og trakk på skuldrane då eg viste henne dette, så det ser ikkje ut til at stor skade har skjedd.


































Nærbilete av mønsteret. Vottane er i bruk kvar dag, så dei har definitivt falle i smak.






















 Her er genser, lue og vottar - alle saman resultat av sist gong eg gjekk berserk på garnsal Obs! og fylte ein bærepose med ullgarn. Det blir neppe siste gongen.


































 Har du lyst til å strikke musikkvottar? Oppskrifta finn du på Anne Britt's hobbyside.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar