søndag 15. mars 2015

Ravello - på ein måte

I slutten av juli kom Strikkerska tilbake frå ferie. Eller - ho var ein tur innom i heimen mellom to turar. Det var sal på Muskat, og ho hadde det travelt, så ho stakk innom Jens Hoff på City Syd og snappa med seg nokre nøste i full fart. Ho hadde ei formeining om at det skulle bli ein stripete genser ein gong, men resten av planen var relativt uklar.

Garnet blei liggande i ein pose i den store kassa under trappa, før det brått ein dag fekk kome fra. No starta jakta på den perfekte oppskrifta - noko som skulle vise seg å bli ei hovudpine. Til slutt fall valet på Ravello, ein genser som har gått som ein farsott gjennom norske strikkebloggar det siste året.






















 Strikkerska har vel i grunnen til gode å følgje ei oppskrift slik som ho står, så dette er hennar eigen tilpassa tofarga Ravello. Dessutan var Muskat ein god del tjukkare enn det garnet som står i oppskrifta, så her måtte matematikkunnskapane fram igjen. I fyrste omgang blei reknestykket relativt mislukka. Genseren er strikka ovanfrå og ned, og då Strikkerska hadde delt av til ermar og var begynt på bolen, fann ho ut at ho skulle prøve genseren. Det blei eit deprimerande syn. Pølseskinn og tvangstrøye var ord som gjekk gjennom hjerna eit lite sekund, før ho prisa seg lukkeleg for at ho hadde begynt øverst. Det var berre å strikke vidare, auke litt meir og vips!, så hadde genseren den rette forma.













Ein periode strikka Strikkerska på genseren frå tre kantar. Det hang altså 8 rette pinnar og ein rundpinne i arbeidet samtidig? Kvifor? Jau, ho måtte tyne det blå garnet til det siste. Derfor blei det strikka både bol og striper på erma samtidig, slik at ikkje noko garn skulle gå til spille.






















Genseren er i bruk og har allereie gått inn blant favorittane. Denne vil bli mykje brukt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar