søndag 1. mars 2015

Restevottar

Ein dag oppdaga eg ei frøken som eg kjenner, trong eit par nye vottar. Ho gjekk nemleg rundt med eit par vottar som var strikka til henne i barnehagen, og no er ho allereie komen langt i tannfellinga. Vrangborden starta langt oppe på handleddet, og tommelen på votten gjekk berre så vidt nedom fyrste leddet på fingeren. Eg tilbaud henne eit rikhaldig utval av tovavottar frå hennar eiga skuffe, men nei - "dæm e for varm!" Det var berre ein ting å gjere - å strikke vottar.

Eg hadde framleis grått ullgarn liggande. Observante lesarar vil dra kjensel på det same ullgarnet som dei tre førre blogginnlegga handlar om - Strikkerska har ein ørliten tendens til å handle stort når det er sal på Obs! I tillegg til dette er det alltids eit rikt utval av restegarn i kista mi. Vi blei derfor einige om ein fargepalett som kunne fungere.






















 Oppskrifta eg har brukt er Arne og Carlos si, og kan finnast her.





















Eg har gjort nokre justeringar for å få den rette storleiken, blant anna har eg utelate endane på mønsteret. Eg har også gjort om litt på tommelen.





















Vottane fall i smak, blei tekne i bruk same dagen som dei var ferdige, og har vore i trufast bruk sidan. No er ikkje Strikkerska så rask til å blogge om dei prosjekta ho har, så i dette tilfellet kan det rapporterast om følgjande: To månaders bruk med aktiv leik i snøen har sett sine spor. Sjølv garnet Falk er superwashbehandla, så har det tova temmeleg kraftig. Vottane er derfor no vindtett, vasstett og truleg også skotsikre. Ulempa er at dei også er minst to storleikar mindre enn då eg startar, så vi er tilbake til der vi starta med vrangbord langt oppe på handleddet og altfor kort og trang tommel. Det må strikkast nye vottar, men enn så lenge må frøkena ta til takke med eit rikt utval av altfor varme tovavottar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar