søndag 3. mars 2013

Verdas beste tøflar

Viss du ringer på hos Strikkerska ein varm sommardag, så er sjansen stor for at du treffer henne iført shorts og skinntøflar. Ja, du las rett. Shorts og skinntøflar. Nokon (les: alle andre) i familien synest sjølvsagt at dette er både komisk og beint fram merkeleg, men sånn er det berre. Har ein dårleg termostat frå anklane og ned, så har ein det.

Strikkerska har derfor slite ut fleire par med verdas beste tøflar dei siste åra. Ho kjøper dei frå Hellandsjø skinnsøm, som har ein veldig praktisk nettbutikk. Dei er varme og gode, dei toler ein kort tur på litt fuktig underlag, og så er dei ikkje glatte.

















Fleire yngre familiemedlemmar har også fått desse tøflane, utan å direkte slite dei ut. Her i huset blir tøflar brukt litt etter innfallsmetoden av dei som enno ikkje kan stemme ved kommunevalet. Strikkegemalen har vel aldri nokon sinne vore kald på beina, så det er større fare for fred i Midtausten enn for tøflar på dei mannebeina.

For nokre dagar sidan blei det ytra ønske om skinntøflar frå ein av dei håpefulle. Med tanke på at tidlegare innkjøpte skinntøflar gjerne har vansmekta plitt mutters åleine inst i eit kleskåp i månader av gongen, så blei søknaden venleg, men bestemt avslått. Derimot vakna garnnøsteinnehavaren, så den håpefulle fekk tilbod om ekte, heimestrikka tovatøfler som eit lite kompromiss, noko han kunne gå med på. 

Her er resultatet. Desse er strikka av Cortina Soft, og oppskrifta er henta frå eit hefte eg røska med meg på Spar Kjøp. For å tove dei har eg brukt eit 45-minutts normalprogram på vaskemaskina og vaskepulver frå Coop.

































Tøffelproduksjonen utløyste sjølvsagt den sedvanlege: "Ææ å vil ha!" Dette paret er strikka i Naturgarn frå Spar Kjøp.

































 Ei rask samanlikning av desse to para med eit som eg har laga for lenge sidan, viser at dei to fyrste loar ganske mykje. Det siste paret er strikka i Fritidsgarn, så det er vel kanskje slik at ein får det ein betaler for...

































 Og for dei som måtte lure: Nei, eg er ikkje sponsa av tøffelprodusenten. Eg er berre kald på føtene.


2 kommentarer:

  1. Så artig å lese om erfaringer med forskjellig tøffel-garn! Jeg strikker tøfler av Plategarn fra Rauma. Det er utvinna, tover lett og gir gode tøfler. Med skinnsåler blir de både solide og sklisikre.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Kvar kjøper du skinnsolar? Eg har aldri prøvd å sy på det før, men det er nok ein god idé.

      Slett