mandag 18. mars 2013

Resteprosjekt

Utgangspunktet var fire nøste med Sandnes Mini Alpakka som hadde vore del av eit tidlegare prosjekt. Det brune nøstet blei venleg, men bestemt plukka ut av haugen av ho som skulle ha plagget, og dermed låg det att tre nøste i lilla- og rosafargar. Bestillinga var som følgjer: Lang hals, skulle gå to gongar rundt, gjerne hekla, trong ikkje å ha symmetrisk mønster.

Puh! Takk for lov for den siste delen av bestillinga! Når Strikkerska skal lage restegarnprosjekt, så er det ein fordel om restegarnet faktisk blir brukt opp. Nokre gonger endar slike prosjekt med at ein må kjøpe til eit nøste eller to ekstra, og dersom ein er riktig "heldig", så har ein kanskje att meir garn enn når ein starta. Kjent sak? Jepp. Her var det berre å setje i gong, og det uttalte målet var å få mest mogeleg ut av kvart nøste.

Korleis planlegg ein så eit slikt prosjekt? Jau, ein finn eit mønster som ein kan ta sånn nokolunde utgangspunkt i. Eg hadde sjølvsagt mykje tynnare garn, så det blei ein runde med kalkulatoren, eit par gonger med opprekking og nokre kreative gloser før eg hadde funne ei lengde som eg trudde passa. Deretter var det fram med teiknepapir og kjøkenvekt. Kjøkenvekt, seier du? Jepp. Sleng nøstet på vekta, noter (eller hugs, om du er litt flinkare til å hugse enn Strikkerska), hekle ein omgang og sleng nøstet på vekta igjen. Dra fram barneskulematematikken og rekn ut kor mange omgangar du kan hekle før det er aldeles tomt.


















Her er resultatet. Det tok også denne gongen under 3 minutt før plagget hang på mottakaren.
















Og sidan har det hange der både titt og ofte.













Eg høyrde til og med mottakaren kvitre om denne halsen her om dagen. "Å, herren va kjæmepego! Kan æ få en til? Samma garnet, men berre litt lenger? Pliiis??!?". Saka er oppe til vurdering. Truleg kjem han inn på langtidsplanen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar