søndag 25. november 2012

Planlaus

Innkjøp av garn skjer ofte etter innfallsmetoden hos Strikkerska. Som regel handlar ho ein heil pose med garn når det er på tilbod, og så finn ho alltids noko å bruke det til. Denne gongen skulle vere unntaket. Då Drops hadde Merino Mania tidlegare i år, leita Strikkerska opp ei jakke ho kunne tenke seg å strikke og storma til garnbutikken for å kjøpe garn til henne. Ikkje eit nøste ekstra blei med heim denne gongen, for planen var å strikke denne jakka:






















Men så gjekk det ei stund, og Strikkerska blei litt usikker på om ho skulle strikke jakka likevel. Ikkje var ho så fin som ho hugsa henne, og det var mange andre fine jakker på nettsidene til Garnstudio. Ein dag kom ho over denne og fall pladask. Dette skulle vere neste prosjekt. No er Strikkerska begynt å kome i den såkalte reparasjonsalderen, så ho hadde gløymt heilt at ho ikkje hadde kjøpt ein bærepose full med garn denne gongen her. Ho kom derfor fort ned på jorda att den dagen ho skulle starte på jakka og oppdaga at ho hadde garn nok til berre halvparten av henne. Over til plan B.






















Plan B vil seie å søke på nettet igjen. Strikkerska kom over denne jakka her, og starta med stor iver. Etter å ha strikka opp eit nøste, melde skepsisen seg. Kom det til å bli for lite garn? Strikkerska tok fram alle gamle matematikkunnskapar, reknar på gram, omgangar, cm og til og med antal masker før ho konkluderte med at ho ikkje torde strikke jakka likevel. Ei jakke med 10 cm for kort arm på den eine sida er ikkje spesielt sjarmerande, har ho kome fram til.






















OK. Då var vi over på plan C. Plan C innebar å leite etter oppskrifter til nokon som er litt mindre enn Strikkerska. Valet fall på ein kar som snart kom til å trenge ny ullgensar uansett, og denne blei godkjend av den omtalte karen.






















Dei siste dagane har Strikkerska strikka og strikka og strikka, både dag og natt, og no er gensaren ferdig. Viss nokon lurer på korleis Strikkerska får tid til dette og om ho ikkje har ein jobb ho skulle ha passa, så kan Strikkerska opplyse om at ho har det. Problemet er berre at Strikkerska, som nemnt tidlegare, har kome i reparasjonsalderen, og eit lite helseproblem gjer at ho akkurat no har nokon andre til å passe jobben sin. Det blir derfor tid til å strikke litt meir enn vanleg.


































I løpet av desse dagane har Strikkerska rekt opp igjen fleire centimeter av gensaren fleire gongar. Ho har konkluderte med at ein gensar med komplisert og uregelmessig flettemotiv ikkje kan strikkast med eit og eit halvt auge på TV-en og det andre halve på strikketøyet. Strikkerska anbefaler spesielt å halde seg unna filmar med George Clooney når ein skal strikke slikt mønster...


































Og neste prosjekt? Det er på pinnane, og det mesteparten av det er med ein tråd og berre rette masker. Svært Clooney-venleg. Strikkerska har dessutan fått ei unnskyldning for å kjøpe meir Merino Extra Fine til eit seinare prosjekt. Ho må berre lese nokre strikkeoppskrifter fyrst.

PS: Dei bileta Strikkerska ikkje har tatt sjølv, er henta frå www.garnstudio.com, eit paradis for dei som gjerne les strikkeoppskrifter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar