onsdag 14. november 2012

Æ ønske mæ... !

For ei stund sidan blei Strikkerska ferdig med ei lue med dusk. Bakgrunnen for det var ei klage frå nokon som visstnok aldri hadde fått lue med dusk, og det må ein jo gjere noko med. Lua er forøvrig ein favoritt og blir brukt kvar dag.






















Så gjekk tida, og den indignerte duskluelause fekk auge på eit par vottar som eg hadde strikka til storesystera. Då var vi i gong igjen: "Æ å ønske mæ sånnre vottar." Dessutan var bestillinga at dei skulle passe til lua. Strikkerska leita i gamle oppskrifter, fann fram ei votteoppskrift som kunne passe, sørga for godkjenning og ilte ut for å kjøpe garn. Kva gjer ein ikkje for småfolk som gjerne vil ha strikkakle?

















Som de ser, så passar vottane perfekt, og dei har gjort stor lukke hos ho som la inn bestillinga.

















Hos Strikkerska står, som alltid, prosjekta i kø. Sokkar er som regel ikkje med på lista over spennande prosjekt som Strikkerska har lyst til å setje i gong med, men av og til må også slikt gjerast. Eit par sokkar forsvann på skulen plutseleg, og ein kar eg kjenner trong plutseleg eit par nye. Som regel har Strikkerska brukt ganske tjukt ullgarn til sokkar, men det har ikkje alltid vore spesielt vellukka. Ryktene seier at det blir for tjukt og klumpete i skoa, så då ho kom over tynt, slitesterkt sokkegarn frå Regia for eit par år sidan, var det eit lukketreff. Mønstrete og fine blir dei også, heilt av seg sjølv.

















Kva så med neste prosjekt? Strikkerska er i tenkeboksen. Det betyr ikkje at ho ikkje har starta på neste prosjekt, men ho er no i ferd med å ta i bruk målband, kalkulator og gamle matematikkunnskapar fordi ho er usikker på om ho har nok garn til det neste ho har tenkt å strikke. Avgjerda fell nok ganske snart.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar