lørdag 10. november 2012

Tidstjuvar er ikkje alltid så dumme likevel

Bloggen har vore ein forsømt del av livet mitt i det siste. Grunnen er sjølvsagt at ein av og til strikkar plagg som ikkje kan presenterast på nettet før mottakaren har fått dei. Slik er det altså no. Det hemmelege prosjektet eg har halde på med i det siste, er ferdig og ligg på vent til det skal bli gåve om nokre veker. Det manglar enno knappar, men eg reknar med at min faste knappeinnkjøpar tek den jobben ein av dagane. I mellomtida har eg begynt på noko nytt. Hos ein lidenskapleg strikkar går det sjeldan meir enn nokre minutt mellom kvart prosjekt.

I midten av september kjøpte eg 11 nøste med Big Merino på sal. Eg har tidlegare strikka fleire plagg av Merino Extra Fine, og dette er omtrent det einaste garnet eg kan ha rett på huda utan å klø noko forferdeleg. Då Drops kom med Big Merino for ei stund sidan, blei eg nysgjerrig. Det ville vore glimrande med eit tjukkare garn med Merino sin kvalitet, problemet var berre at dei ikkje hadde det på City Syd, der eg som regel handlar. Men på ein impulstur innom Jens Hoff i byen, oppdaga eg at dei hadde det. På sal. Hurra! 11 nøste lys mosegrønt garn kom i korga mi, utan anna plan enn at dette kunne bli ein hals og kanskje ei lue eller noko slikt.

Tida gjekk, eg strikka på hemmelege saker og andre saker, og eg brukte altfor mykje tid på tidstjuvar. Vi har vel alle vore bort i dei. Å lese andre sine strikkebloggar kan få tida til å flyge i eit ufatteleg tempo, og viss dei hadde teke husleige for den tida eg har brukt på strikkegrupper på facebook, så hadde eg truleg hatt svært tom konto.

Fordelen med å bruke altfor mykje tid på strikkesider på nettet, er at ein kjem over mange fantastisk flotte prosjekt som ein har lyst til å prøve seg på. Hadde eg ikkje vore ein utprega sta person og ei som likar å få unna ulike prosjekt, så hadde eg nok hatt huset fullt av ufo-ar (uferdige objekt for dei som måtte lure). Eg kom over fleire flotte luer og halsar som eg kunne tenke meg å strikke, og så laga eg min eigen variant av dei.

Fyrst blei det ein hals inspirert av Marte Helgetun sin hals i perlestrikk. I staden for perlestrikk valde eg å forskyve mønsteret ei maske mot høgre for kvar om gang, og dette ga ein effekt av striper på skrå. Halsen er strikka med snurr for at han skal ligge penare.

















På dette biletet ser ein tydeleg snurren. Dette har eg aldri prøvd før, og det var litt uvant at strikketøyet snurra seg på pinnen.

















Sidan eg ein gong brende meg på å kjøpe for lite garn til eit prosjekt og ikkje klarte å finne eit einaste nøste som ikkje hadde stor fargeforskjell, har eg alltid sørga for å kjøpe nok garn. Ofte meir enn nok garn, faktisk... Det var altså fleire nøste igjen. Kva skulle ein så finne på? Jau, fyrst blei det ei lue med same mønster som halsen. Deretter blei det jammen nok garn til ein hals til. Det har allereie vore vinter i Trøndelag lenge, og det er kaldt. Eg trong ein hals til å ha under jakka så ikkje nordavinden skulle gje meg gåsehud både her og der, og då måtte eg berre prøve meg på ein hals som har gått som ein farsott på både facebook og strikkebloggar. Han er så enkel at sjølv mor kan klare han, og for dei som måtte lure på korleis han blei laga, så kan dei sjå her. Mønsteret er det same som på lua og den andre halsen, og eg har hekla ein kant av fastmasker rundt. Halsen fekk litt anna form enn viss ein strikkar vanlege riller. Grunnen til dette er at mønsteret får heile arbeidet til å forskyve seg, slik at det blir meir som eit parallellogram enn eit rektangel.


































Både lua og halsen såg litt tamme ut utan pynt, og på denne bloggen fann eg oppskrift på korleis ein kan hekle blomster. Hekle kan eg, men eg bør nok ha oppskrift viss eg skal gjere det, og denne blomsten passa perfekt.

















Då bør eg vere budd på minst eit halvt år med vinter...

Omlag to minutt etter at dette prosjektet var ferdig, var det nye på pinnane. Bestillinga til neste prosjekt blei lagt inn med klar tale: "Æ å ønske mæ sånnre votta!" Dei får bli tema for neste blogginnlegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar