fredag 14. desember 2012

Sommardraum

Tidlegare i år strikka eg denne jakka til meg sjølv, og tradisjonen tru kjøpte eg ein heil pakke med garn, med den tanken i bakhovudet at eg nok alltids skulle finne på noko med restane. Når eg tenkjer meg om, så blei eg faktisk sendt inn på lageret for å plukke ut det eg ville ha sjølv også. Dei har nok sett meg eit par gonger før på den butikken der...

Etter at eg var ferdig med jakka, låg det ein passe haug med nøste og venta på å bli brukt. Det er som tilegare nemnt ekkelt kaldt i Trøndelag for tida, så kva passar vel betre då enn å dra for gardinene, drøyme seg til ein sommarleg og varm stad og strikke ein fin sommartopp? Han blir vel neppe brukt med det siste, men ein kan vel kanskje ha eit håp om at han kan få kome fram ein gong eller to i fellesferietida. Viss vi blir velsigna med ein middels trøndersommar i år også, så får eg bruke han med ullundertøy under....

Eg støvsuga Garnstudio sine sider etter ein topp som fall i smak, men fann ikkje noko som passa heilt. Eg likte denne jakka ganske godt, men sidan eg allereie har ei jakke i dette garnet, så kunne eg tenke meg ein korterma genser denne gongen her. Fyrst tenkte eg at eg skulle gjere om jakka til ein topp, men sidan mønsterrapportane var så lange, var det vanskeleg å få det til å gå opp. Enten kom genseren til å bli for stor, eller så kom han til å bli pølseskinn, og ingen av dei alternativa var særleg flatterande...


































Så var det denne toppen her. Eg likte mønsteret oppe, men eg var ikkje heilt fornøgd med kanten nede, og eg syntest at ermane var litt korte. De veit, trøndersommaren og alt det der. Dessutan syntest eg at halskanten frå jakka var finare enn kanten på denne. Kva gjer ein så? Jau, ein kombinerer. Ein dreg atter ein gong fram kalkulator og gamle reknekunnskaper, og så går ein laus. Eg tok vekk puffen på ermane på jakka, og så modererte eg halskanten litt.


































Her er resultatet. Eg har laga litt lenger kant nede slik at han ikkje skal rulle seg opp, og førebels ser det ut til å fungere ganske bra.


































Detalj frå mønsteret. 

















Dette er nok ikkje siste gongen eg strikkar noko i Muskat. Neste prosjekt er eit opp-ned resteprosjekt til nokon som er svært glad i lilla. Eg har dessutan to nøste raudt garn igjen, så eit eller anna må ein finne på med dei også.

PS: Også denne gongen har eg lånt nokre bilete frå Garnstudio. Eg håpar dei tilgjev meg atter ein gong. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar