lørdag 5. januar 2013

Jula varer heilt til påske

I haust hadde Strikkerska eit aldri så lite jubilum, og ho trudde at ho hadde kome unna heile greia utan noko særleg merksemd, men den gong ei. Ein dag nærare jul hadde ho eit ærend innom NTNU, der to gode venninner jobbar. Strikkerska ante fred og inga fare, men blei møtt med bursdagssongen på blokkfløyte og tverrfløyte idet ho kom inn på kontoret. Damene hadde øvd og øvd på førehand, og alle kontora i næraste omkrins hadde fått nabovarsel på dørene. (At dei øvde i etasjen over musikk-instituttet og at Strikkerska høyrde dei på veg opp og tenkte at kvaliteten på musikkstudentane jammen hadde gått dramatisk ned sidan ho studerte der ein gong på 90-talet, treng ein kanskje ikkje skrive så mykje om her...)

Strikkerska fekk også gåve. Dei fløytespelande damene kjenner henne ganske godt etter kvart, så dette blei innertiar. Julekuleboka til Arne og Carlos samt to nøste pelsglittergarn. Akkurat det ein strikkoman treng. Takk igjen, damer!






















Like før jul heiv Strikkerska seg rundt og rydda plass til to julekuler i strikkeplanane sine. Ja, ein ekte strikkar har planar som ville få Stalin til å framstå som høgst ustrukturert, må vite.






















To kuler blei strikka, fylt og avfotografert. Deretter kom jula.






















Og i jula var sjølvsagt Strikkerska altfor opptatt til å kunne blogge. Opptatt? Med kva då? Med å strikke, sjølvsagt! Uansett så heiter det vel seg at jula varer heilt til påske, så her er julekulene mine. Dei har pynta opp ei gardinstang i jula etter at Strikkegemalen gjorde seg vanskeleg og blånekta å ha dei på treet. Makan!






















Og pelsgarnet? Jau, det er lagt inn i planane ein gong mot slutten av 2013.

1 kommentar:

  1. Strikk ei kule med Iron Maiden-logo, så skal du se den havner på treet.

    SvarSlett