lørdag 18. august 2012

Multitasking

Då eg var omlag 7 år gammal, oppdaga eg gleda ved litteratur. Det starta med Bobseybarna og Frøken Detektiv og utvikla seg etter kvart vidare gjennom både norsk og utanlandsk litteratur. Etter kvart gjekk det som det måtte gå, Strikkerska blei norsklektor. Då eg var omlag 10 år, oppdaga eg strikking - og kombinasjonen av litteratur og strikking. Eg brukte å lese bøker samtidig som eg strikka, noko som stort sett gjekk aldeles glimrande. Denne vana har følgt meg heile tida sidan. Eg har faktisk strikka meg gjennom storparten av litteraturpensumet på universitetet - men aldri på lesesalen, ein stad går grensa sjølv for ein lidenskapleg strikkar! Det er mogeleg at dette er grunnen til at eg til slutt enda opp som syntaktikar... Likevel er det kanskje ikkje å anbefale å strikke svært komplisert mønster samtidig som ein les bøker. Unntaket er setesdalskofter, etter at ein har strikka 3-4 stk av dei, går dei stort sett på autopilot. Det er derfor glimrande at ermane på det nye prosjektet mitt er heilt glattstrikka. I dag blei derfor nokre timar brukt på terrassen, med eit erme og ei bok.


10 poeng til dei som klarar å finne ut kva for bok som var dagens val. Som eit hint kan ein vel seie at Strikkerska var i det postmodernistiske hjørnet i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar