mandag 6. august 2012

Kjole og to tankar i hovudet samtidig

Strikkerska har vore på garnsal. Akkurat det kjem neppe til å utløyse nokon nasjonal flaggdag, all den tid det skjer (altfor) ofte. Som så ofte før blei resultatet 20 nøste - som kanskje kunne bli til noko ein gong. Valet fall på lilla denne gongen, og garnet er Muskat. Kjøpte strikkerska med seg noko mønster? Nei. Det er då alltids så mykje fint å finne på Ravelry eller på Garnstudio, tenkte ho, som så mange gongar før...

For nokre dagar sidan kom strikkerska over ein kjole ho gjerne kunne tenke seg å strikke. Ho fann han i dette bladet her:






















Trendy stod det også at kjolen skulle vere, og det frista å vere trendy for ein gongs skuld. Ikkje såg kjolen ut til å vere spesielt vanskeleg å strikke heller, så dette burde gå heilt fint.






















Eit aber var at kjolen såg ut til å vere litt kort. Strikkerska er over dei tidene der så korte kjolar har nokon positiv effekt på henne eller omgjevnadene, så kjolen måtte definitivt strikkast litt lenger. Korleis skulle ein så løyse det problemet? Strikkerska hadde 20 nøste til disposisjon, mønsteret var til eit heilt anna garn, og strikkerska blei derfor litt redd for at dei 20 nøsta skulle bli for lite. Ingen er vel tent med ein kjole som går berre opp til brystbeinet. Strikkerska såg heller ikkje for seg at det kom til å bli særleg pent med ein korterma kjole, trendy eller ikkje. 






















Løysinga dukka plutseleg opp, rekande på ei fjøl, som ein gjerne seier på Vestlandet. På sin daglege vandring rundt på andre strikkebloggar, dukka det plutseleg opp ein teknikk som gjer at ein kan starte oppe på eit plagg i staden for nede. I tillegg til dette treng ein ikkje å sy i erma på plagget. Halleluja! Strikkerska var overbevist. Montering av erme på strikkeplagg er ikkje akkurat favorittsysslen, sjølv om Strikkerska skjønar at det må til. Her er ei lenke til ein genser som er strikka "top down". Genseren har forøvrig gått som ein farsott blant norske strikkebloggarar, har Strikkerska oppdag på si ferd på internettet.

Eit problem gjenstod. Kjolen måtte vere i det samme designet som i bladet. Det var då det var på tide å ha to tankar i hovudet samtidig. Kjolen blir altså til med eit blikk på mønsteret frå Ravelry og eit blikk på mønsteret i bladet. Denne gongen var Strikkerska glad for at strikkinga har vore ein kjær hobby i 30 år, for dette krevde litt tenking, rekning og spekulering.

Korleis ligg det så an med prosjektet. Jau, biletet under viser at det ser ut til å gå toleleg bra. Strikkerska har allereie prøvd på seg plagget slik som det er no, og det ser ut til å passe bra. Halskanten er strikka ferdig ganske tidleg for å sjå at breidda over skuldrane blei bra og at ermet blei passe langt. Heretter er det rein plankekøyring, trur eg. Eit erme til, og så vidare mønster nedover. Å lese ei oppskrift "opp-ned" er faktisk mykje mindre komplisert enn Strikkerska trudde, så dette bør gå bra. At masketalet på pinnen ikkje stemmer heilt med det som står i oppskrifta, at Strikkerska har tenkt å lage like felt rundt heile kjolen i staden for å sy att i sidene slik som på biletet, og at ho derfor må berekne felta nedover og aukingane for å få kjolen lenger, må vel også la seg løyse på eit vis.

Planen er at kjolen skal bli ferdig så tidleg at han kan brukast før hausten set inn. Sidan Strikkerska bur i Trøndelag, veit ho at det hastar.



1 kommentar:

  1. Dette lover bra, både blogg- og strikkemessig. HIlsen en annen strikkerske.

    SvarSlett