tirsdag 31. desember 2013

Atter ein gong Marius

Ikkje så langt unna der Strikkerska bur i Trondheim, er det mykje snø. Ofte ligg han faktisk meterhøg rett utanfor døra, så det er berre å spenne på seg skia og ta seg ein tur. No er ikkje Strikkerska av det sprekaste slaget, men ho går i alle fall forbi barnefamiliar med ungar under tre år og dei fleste eldre damer over 90. Kokt i topplokket blir ho uansett, så sist påske forstod ho at det kunne ha gjort seg med eit hovudplagg med ventil, også kalt panneband. Her er resultatet. Det er brunt, så det passar ikkje til skikledene i heile tatt, men slike detaljar kan ein ikkje henge seg opp i.


















Om det skulle vere kaldt på ein av skiturane, så er det alltids mogeleg å ha på seg Mariuslue. Denne er strikka av restegarnet etter eit prosjekt tidlegare i år, og ho sit tett og godt på hovudet.



Nokon Strikkerska kjenner godt, la også inn bestilling på Marius-lue, sidan den ho hadde i fjor hadde blitt altfor lita. Viss de ser ei raudsprengt, skigåande dame med mariuslue hengande som eit slips etter ei som er midt i tannfellinga og som også har mariuslue, så er det kanskje Strikkerska. Det er berre å gå forbi... :)





















Heilt til slutt blei det eit par ganske nøytrale vottar i mariusfargar. Dei kan sikkert brukast på skitur dei også. No er det faktisk tomt for garn i posen som Strikkerska kjøpte på tilbod på Obs! Skal tru kva tid dei har sal neste gong? Ein kan jo ikkje vere garnlaus.


søndag 22. desember 2013

Trekantsjal

Eg kjøper alltid eit nøste eller to ekstra når eg skal setje i gong med eit prosjekt. Viss ein har opplevd å få for lite garn nokon gong, så skjønar ein kvifor. Som regel kjøper eg garn ei god stund før eg startar strikkinga, og då er det ikkje alltid så lett å få tak i garn med same innfarging. Det var derfor to nøste med BabyAlpaca Silk att etter jakkeprosjektet frå tidlegare i sommar. Kva skulle eg bruke dette til? Valet fall på eit trekantsjal, sidan dette var eit garn som eg kunne ha på huda utan å bli raudflamma og desperat av kløe.

















Dette sjalet er så enkelt å strikke at "selv mor kan klare det". Eg starta med 5 masker og så auka eg fire masker annakvar omgang. Aukinga skjedde ved å lage eit kast på pinnen på kvar side av midtmaska og rett innanfor kanten, altså etter fyrste og før siste maske. Mønsteret har eg laga ved å legge inn nokre omgangar med holrad her og der. Enkelt og greit. No er eg budd til vinteren.


søndag 15. desember 2013

Lilla jakke

I takt med at små folk veks, må det produserast nye strikkakle. Denne gongen var det strikkajakker i bomull det var ganske tomt for i skapet. Bestillinga inneheldt orda "lilla" og "hull her og der", og etter litt leiting i diverse oppskrifter, bestemte bestillaren seg for jakka på biletet under.

Jakka heng for øvrig over ein av stolane som bestefaren min laga då han og bestemora mi gifta seg rundt 1940. Tenk for eit arbeid! Dette er kvalitet av beste slag.


Strikkearbeidet blei med på ein tur til sydlegare strok, og Strikkerska må ha vore litt i koma, for fyrst då ho kom heim, oppdaga ho at det ikkje skulle vere rillestrikk nederst på jakka, men glattstrikk. Gjort er gjort og spist er spist, og så lenge ikkje bestillaren får kloa i oppskriftsheftet, så lever ho lukkeleg uvintande om dette.

Detalj frå utsmykkinga på stolane.













Og jakka, ho passar like godt til prinsessekjole som til dongeri, seier bestillaren.


søndag 8. desember 2013

Blå ulljakke

Sidan eg ikkje toler å ha enkelte garnsortar rett på huda, er eg stadig på jakt etter garn som eg toler. Eg vil så gjerne kunne ha på meg strikkakle utan å måtte ha langerma genser på meg under, og det siste prosjektet er derfor strikka i BabyAlpaca Silk frå Garnstudio. Oppskrifta på jakka under finst her.






















Eg er ikkje av det spesielt tolmodige slaget. Viss eg skal sjå på TV, så har eg alltid strikketøy i fanget. Slik er det også når eg er passasjer i bil. Denne jakka er derfor svært multikulturell, ho er stort sett strikka i bil eller på ulike hotellrom gjennom Europa. Eg la opp på Lundamo, hadde henne med gjennom Polen, inn i Tsjekkia og nordover att til Tyskland, før den siste maska blei strikka på båten mellom Puttgarden og Rødbyhavn.






















Jakka har rundfelling og rillestrikka bærestykke. Ho er god og varm, og eg toler henne fint på huda. Dette garnet kjem eg nok til å bruke att. Det er så tynt at ein ikkje blir kokt om ein har det på innandørs, og det er mjukt og deilig mot huda. Ein ny favoritt!


søndag 24. november 2013

Barselgåve

Av og til dukkar det opp små menneske som treng varme klede. No i haust skjedde det igjen - og dermed kom også eit høve til å få brukt opp noko garn eg hadde liggande. Eg let meg inspirere av den enkle jakka til Pickles og la i veg med garn og strikkepinnar. Eg hadde ein idé om at eg strikka på ei jakke i 6 månadersstorleik, men akk, sjølv ein erfaren strikkar kan ta sørgjeleg feil. Etter at jakka var ferdig, innsåg eg at det halvtårsgamle barnet som får denne jakka på seg, neppe kan klare å puste.













Del to av planen gjekk derfor litt i vasken, og eg måtte begynne å leite etter oppskrifter på luer og sokkar i storleik 1 månad. Eg kom over fleire hjelmluer av denne sorten på nettet, og etter nokre tilpasningar, blei altså resultatet slik:















Sokkane fann eg oppskrift på her. Desse har eg strikka fleire gonger, og dei sit svært godt på foten.
















Her er heile settet. Velkomen til verda, vesle mann! Eg håpar du held deg god og varm.


fredag 15. november 2013

No kan vinteren kome!

Stripete lue i Merino Extra Fine til ein kar eg kjenner godt. Oppskrift: eige hovud.


































Tynn lue i garn kjøpt på Hobbywool i Riga for 3 år sidan. Oppskrift: eige hovud. Eg strikka to rette og to vrange masker runden rundt, men sidan talet masker var eit oddetal, blei effekten skrå striper.


































 Lurer du på korleis ein skal hekle ei slik rose? Detaljert oppskrift finn du her.

søndag 10. november 2013

Resteprosjekt - igjen!

Atter ein gong har eg dukka ned i restegarnlageret mitt. Målet var å få brukt mest opp mest mogeleg, og her er resultatet:

Eit par babysokkar med snor. Desse rekte eg opp 3 gongar, den eine gongen fordi dei heldt på å bli i tenåringsstorleik og to gonger fordi eg heldt på å gå opp for garn og måtte endre strategi.














Stripete hals i Drops. Strikka etter denne oppskrifta. Super til barnehagebruk.
















Tovavottar. Strikka etter god gammal blånisseoppskrift. Sidan toving er reint sjansespel, veit eg ikkje heilt kva for storleik dette er. Truleg 2-4 år eller noko sånt.
















Forhåpentlegvis kjem plagga til nytte hos ein liten kar som er ganske ny i livet mitt.