søndag 24. november 2013

Barselgåve

Av og til dukkar det opp små menneske som treng varme klede. No i haust skjedde det igjen - og dermed kom også eit høve til å få brukt opp noko garn eg hadde liggande. Eg let meg inspirere av den enkle jakka til Pickles og la i veg med garn og strikkepinnar. Eg hadde ein idé om at eg strikka på ei jakke i 6 månadersstorleik, men akk, sjølv ein erfaren strikkar kan ta sørgjeleg feil. Etter at jakka var ferdig, innsåg eg at det halvtårsgamle barnet som får denne jakka på seg, neppe kan klare å puste.













Del to av planen gjekk derfor litt i vasken, og eg måtte begynne å leite etter oppskrifter på luer og sokkar i storleik 1 månad. Eg kom over fleire hjelmluer av denne sorten på nettet, og etter nokre tilpasningar, blei altså resultatet slik:















Sokkane fann eg oppskrift på her. Desse har eg strikka fleire gonger, og dei sit svært godt på foten.
















Her er heile settet. Velkomen til verda, vesle mann! Eg håpar du held deg god og varm.


fredag 15. november 2013

No kan vinteren kome!

Stripete lue i Merino Extra Fine til ein kar eg kjenner godt. Oppskrift: eige hovud.


































Tynn lue i garn kjøpt på Hobbywool i Riga for 3 år sidan. Oppskrift: eige hovud. Eg strikka to rette og to vrange masker runden rundt, men sidan talet masker var eit oddetal, blei effekten skrå striper.


































 Lurer du på korleis ein skal hekle ei slik rose? Detaljert oppskrift finn du her.

søndag 10. november 2013

Resteprosjekt - igjen!

Atter ein gong har eg dukka ned i restegarnlageret mitt. Målet var å få brukt mest opp mest mogeleg, og her er resultatet:

Eit par babysokkar med snor. Desse rekte eg opp 3 gongar, den eine gongen fordi dei heldt på å bli i tenåringsstorleik og to gonger fordi eg heldt på å gå opp for garn og måtte endre strategi.














Stripete hals i Drops. Strikka etter denne oppskrifta. Super til barnehagebruk.
















Tovavottar. Strikka etter god gammal blånisseoppskrift. Sidan toving er reint sjansespel, veit eg ikkje heilt kva for storleik dette er. Truleg 2-4 år eller noko sånt.
















Forhåpentlegvis kjem plagga til nytte hos ein liten kar som er ganske ny i livet mitt.

søndag 3. november 2013

Striper, striper

Eg har ikkje så veldig mange strikkebøker. Derimot har eg ein del restegarn. Dette garnet vil eg gjerne bruke opp, og etter at eg oppdaga at det er mogeleg å starte oppe på genserar og strikke nedover, opna det seg ei ny verd for meg. Fleire gonger har eg rekt opp nesten heile genserar fordi det har mangla nokre cm øverst oppe og fordi eg ikkje har klart å få tak i garn som ikkje hadde fargeforskjell. Når ein startar oppe, så kan ein tilpasse lengda lettare, og ikkje minst kan ein bruke opp smårestar ved å lage striper eller anna kreativt mønster nederst på arbeidet.

Då Merete frå Monstermønster presenterte 166 cm med inspirasjon, tok eg kontakt med henne og spurde om ho kunne anbefale ei god top down-strikkebok. Rådet som kom, var at eg burde kjøpe denne boka:


































Denne boka er rett og slett genial. Ho har oppskrifter for alle aldrar og i alle strikkefastheiter, så det er berre å setje i gong. Ho viser også ulike teknikkar, både rundfelling og raglanfelling. Viss ein er litt driven som strikkar så er dette ei super bok til å hente ut basismål frå, så får resten gå på gefühlen.

Utgangspunktet for genseren under, var ønske om noko med trekvart lange erme, altså ein genser som passar til trøndersommaren. Eg hadde 3 raude nøste med Muskat liggande frå ein gong eg gjekk berserk på eit garnsal, men eg hadde ikkje lyst til å ha ein raudstripete genser, sidan resten av dette garnet har blitt til både jakke og sommartopp. Eg stakk derfor innom ein garnbutikk og kjøpte nokre nøste med Muskat i to fargar som eg syntest passa til dei raude. Deretter sette eg i gong. Eg gjorde nokre tilpassingar i starten, fordi eg ønska å ha litt vidare hals enn det som stod i oppskrifta. I etterkant ser eg at eg gjerne skulle hatt litt meir u-forma hals, men gjort er gjort og spist er spist, så eg har ikkje tenkt å gjere noko med det no. Den utskremde modellen på biletet er også litt smalare enn Strikkerska, så genseren sitt litt tettare på meg. Alt i alt er eg ganske nøgd. Eg ser at vrangborden nede blir litt laus, sjølv om eg felte av på ein elastisk måte, men pytt. Genseren passar godt til dongeri, og det var slik han var tenkt.


































Observante sjeler vil sjå at verken beising av platt eller klipping av plen står særleg høgt på to do-lista her i garden. Neste år. Kanskje. Dersom eg ikkje kjem over noko som berre må strikkast snarast mogeleg.