søndag 3. november 2013

Striper, striper

Eg har ikkje så veldig mange strikkebøker. Derimot har eg ein del restegarn. Dette garnet vil eg gjerne bruke opp, og etter at eg oppdaga at det er mogeleg å starte oppe på genserar og strikke nedover, opna det seg ei ny verd for meg. Fleire gonger har eg rekt opp nesten heile genserar fordi det har mangla nokre cm øverst oppe og fordi eg ikkje har klart å få tak i garn som ikkje hadde fargeforskjell. Når ein startar oppe, så kan ein tilpasse lengda lettare, og ikkje minst kan ein bruke opp smårestar ved å lage striper eller anna kreativt mønster nederst på arbeidet.

Då Merete frå Monstermønster presenterte 166 cm med inspirasjon, tok eg kontakt med henne og spurde om ho kunne anbefale ei god top down-strikkebok. Rådet som kom, var at eg burde kjøpe denne boka:


































Denne boka er rett og slett genial. Ho har oppskrifter for alle aldrar og i alle strikkefastheiter, så det er berre å setje i gong. Ho viser også ulike teknikkar, både rundfelling og raglanfelling. Viss ein er litt driven som strikkar så er dette ei super bok til å hente ut basismål frå, så får resten gå på gefühlen.

Utgangspunktet for genseren under, var ønske om noko med trekvart lange erme, altså ein genser som passar til trøndersommaren. Eg hadde 3 raude nøste med Muskat liggande frå ein gong eg gjekk berserk på eit garnsal, men eg hadde ikkje lyst til å ha ein raudstripete genser, sidan resten av dette garnet har blitt til både jakke og sommartopp. Eg stakk derfor innom ein garnbutikk og kjøpte nokre nøste med Muskat i to fargar som eg syntest passa til dei raude. Deretter sette eg i gong. Eg gjorde nokre tilpassingar i starten, fordi eg ønska å ha litt vidare hals enn det som stod i oppskrifta. I etterkant ser eg at eg gjerne skulle hatt litt meir u-forma hals, men gjort er gjort og spist er spist, så eg har ikkje tenkt å gjere noko med det no. Den utskremde modellen på biletet er også litt smalare enn Strikkerska, så genseren sitt litt tettare på meg. Alt i alt er eg ganske nøgd. Eg ser at vrangborden nede blir litt laus, sjølv om eg felte av på ein elastisk måte, men pytt. Genseren passar godt til dongeri, og det var slik han var tenkt.


































Observante sjeler vil sjå at verken beising av platt eller klipping av plen står særleg høgt på to do-lista her i garden. Neste år. Kanskje. Dersom eg ikkje kjem over noko som berre må strikkast snarast mogeleg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar