tirsdag 14. mai 2013

Bonus!

Når ein er litt over snittet interessert i strikking, er det av og til vanskeleg å halde seg i skinnet. Planar og prosjekt står i kø i hovudet, og regelmessig surfing på ulike bloggar og andre nettforum gjer ikkje akkurat lista kortare. Det tok derfor litt tid før ei av dei beste julegåvene i fjor kom inn på planen, men no er plagga klare til å brukast. Eller - vi får for all del håpe at dei blir liggande aldeles ubrukt i nokre månader enno.

















Gåvegjevaren bakar verdas beste sjokoladekjeks, er ein racer med symaskina og grueleg flink til å analysere setningar. Av og til hjelper ho faktisk Strikkerska viss ho slit med å analysere veldig kompliserte setningar, for Strikkerska treng å friske opp litt gamle kunstar før dei susar inn i gløymeboka. Strikketøy er ikkje gåvegjevaren så veldig opptatt av, så vidt Strikkerska veit. Ho har i alle fall aldri sett henne strikke, og det er nok derfor ho trudde at dette var veldig kompliserte pulsvarmarar.


 No skal ein vere litt forsiktig med å skuffe nære vener, så Strikkerska håpar at ingen fortel gåvegjevaren at dette ikkje var spesielt komplisert. Ikkje utløyste prosjektet banning, og blodtrykket var relativt stabilt gjennom heile strikkeprosessen. Men om dei ikkje var spesielt kompliserte, så blei dei jammen fine!




















 Nokon har sagt seg villig til å stille som handmodell i dag, slik at Strikkerska sine lesarar kan få sett nærmare på pulsvarmarane. Observante strikkarar vil vel sjå at Strikkerska ikkje har laga kanten akkurat slik som biletet i oppskrifta, men det har vel omtrent aldri skjedd at eit mønster blir fulgt til punkt og prikke her i huset...






















Etter at pulsvarmarane var ferdige, var det forunderleg mykje garn att. Det stod i oppskrifta at det skulle gå med 100 gram Sisu til eit par pulsvarmarar, men det må anten vere ein trykkfeil eller litt ruskete omgang med matematikk. Ein kjapp runde med garnet på kjøkkenvekta avslørte at det var meir garn att enn Strikkerska hadde brukt. Kunne det halde til eit par vottar med same mønster? Strikkerska har ein tendens til å bli litt kald på fingrane, og mønsteret var så fint, så eit par vottar ville vore aldeles glimrande.





















Etter nokre timar med hjartet i halsen og kjøkkenvekta på bordet framom seg, kunne Strikkerska puste letta ut. Det blei nok garn til vottar også. Så no veit de det - viss de får lyst til å strikke desse pulsvarmarane, så kan de like godt kline til med eit par vottar samtidig også.

Vottane blei dampa, fotografert og forsøkt smugla ned i ei trådkorg i gangen, men nokre som er midt i tannfellinga har verkeleg auge i nakken! "Å, så fine votta! Kan æ å få sånnre??" Sukk.

2 kommentarer:

  1. HÆ???! Hvordan kan en pulsvarmer med mye snodig mønster IKKE være vanskelig!!!? Nå skjønner jeg ingen ting...av strikking. Vel, vel. Jeg gir meg ikke så lett :-)
    Men de ble skikkelig fine, da! Og bonus-votter i tillegg. Æ e' imponert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så neste gong får eg garn til eit aldri så lite binært analysetre med eit par heftige objekt? ;-)

      Slett