Eit omfattande søk på Ravelry og andre nettstader gav ikkje noko treff på Star Wars-genser. Ergo måtte genseren bli til utan oppskrift. Heldigvis fann eg ein del mønsterdiagram med Star Wars-mønster her og der, og dei pusla eg saman så godt eg kunne. Sjølve logoen fann eg ikkje noko mønster på, så han laga eg sjølv ved hjelp av Excel, eit bilete og litt kreativ språkbruk. Nød lærer naken kvinne å spinne. Eller å teikne.
Bestillaren av genseren hadde ganske klare idéar kva som skulle være med av mønster. Lyssverd var viktig. Veldig viktig. Desse kvite figurane (som eg ikkje anar kva heiter - beklager til alle Star Wars-fans der ute...) måtte også vere med.
"May the force be with you" kjem ein sjølvsagt ikkje utanom.
Slik ser den ferdige genseren ut. Tilleggsutstyret er også klart, som de ser.
Og slik ser genseren ut på baksida.
Som de ser på bileta, blei genseren strikka ganske stor. Han er framleis i bruk i dag, også ein del takka vere garnet. Eg strikka han med Mandarin Classic (trur eg), og det har sige ganske mykje, så han har i alle fall ikkje blitt mindre. Hadde eg skulle strikka genseren i dag, hadde eg nok valt Mandarin Petit i staden. Eg trur likevel ikkje at han blir strikka fleire gonger. Store deler av mønsteret nederst på bolen har 3 trådar samtidig, og sidan eg ikkje klipte opp for ermar, blei mønsteret både på brystet og skulderparteiet strikka fram og tilbake. Eg hadde skuldrane oppe ved øyrene då eg var ferdig, men kva gjer ein ikkje for små, sjarmerande karar med bedande auge?